Hopp til innhold

Ser du moglegheiter der andre ser utfordringar?

Arbeidsgiver

Nav Bergen vest

Sted

Loddefjordveien 2, 5171 Loddefjord

Om jobben

Stillingstittel
Ser du moglegheiter der andre ser utfordringar?
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 31. mars

Vi ser etter deg som trivst med å finne gode løysingar i samspel med menneske som står i krevjande situasjonar og treng støtte. Er du ein person med pågangsmot og engasjement, og som ønskjer å gjere ein forskjell? Trivst du i ein hektisk kvardag med varierte oppgåver?
Då kan du vere den vi ser etter!

Nav Bergen vest har to faste, ledige stillingar som rettleiar. Arbeidet inneber oppfølging av arbeidssøkarar og personar som av ulike grunnar står utanfor arbeidslivet. Ei sentral oppgåve er å kartleggje, rettleie og motivere. Som rettleiar blir du ein del av eit fagmiljø som kvar dag jobbar for å førebyggje og redusere utanforskap.

Nav Bergen vest er ein del av Nav region Bergen og samarbeider tett med dei andre bydelskontora. Kontoret har todelt leiarmodell, med ein statleg og ein kommunal leiar. Dei ledige stillingane høyrer til den statlege delen. Kontoret har rundt 150 tilsette og gir tenester til bydelane Fyllingsdalen og Laksevåg. Vi held til i sentrale og nyoppussa lokale på Vestkanten storsenter. 


Kva går jobben ut på? 

  • gi individuell oppfølging av arbeidssøkarar, med fokus på kartlegging av kompetanse, behov og mål
  • gi målretta vegleiing og motivasjonsarbeid mot arbeid, utdanning eller arbeidsretta aktivitet
  • følge opp brukarar gjennom både fysiske og digitale samtalar
  • samhandle tett med arbeidsgivarar, tiltaksarrangørar og andre samarbeidspartnarar
  • utføre saksbehandling i tråd med folketrygdlova, Nav‑lova og tiltaksforskrifta

Vi gjer merksam på at arbeidsoppgåver og avdelingstilknyting kan bli endra. 

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

Du må ha

  • fullført utdanning på minimum bachelornivå. Relevant erfaring og/eller utdanning kan kompensere for kravet til utdanning.
  • god digital kompetanse og evne til å handtere mange ulike fagsystem 
  • god skriftleg og munnleg kommunikasjonsevne på norsk
  • rettleiingskompetanse 
Det er ein fordel om du har
  • samfunnsengasjement 
  • kunnskap om arbeidsmarknaden og arbeidslivet sine behov 

Kva ser vi etter hos deg?

  • er trygg og taklar ein variert og hektisk arbeidskvardag 
  • set deg inn i nye arbeidsoppgåver og utfordringar 
  • er god til å byggje relasjonar, motivere og inspirere 
  • har gode samarbeidsevner 
  • er strukturert og har god arbeidskapasitet 
  • er fleksibel og løysingsorientert 

Kvifor velje oss?

  • ei spennande stilling i eit godt arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar 
  • store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling 
  • fleksibel arbeidstid, heimekontorordning og moglegheit for trening i arbeidstida 
  • god pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse 
  • statleg tilsetting i stillingskode 1434 Rådgiver med lønsspenn frå kr. 622 000,- til kr. 660 000,- per år.  For særs kvalifiserte søkarar kan høgare lønn vurderast.  
Les meir om Nav som arbeidsgivar

Kontaktinformasjon

Cathrine Tau, Avdelingsdirektør, 92453339
Ingvild Haugland, Avdelingsleiar, 93209972

Arbeidssted

Loddefjordveien 2
5171 Loddefjord

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nav

Referansenr.: 5096766044
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 31.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ingvild Haugland

Avdelingsleiar

93209972

Cathrine Tau

Avdelingsdirektør

92453339

Om bedriften

Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.

Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.

Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.

Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.

NAVstilling

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

34bf2c99-04e3-4bc5-8285-1c3e68d0ff88

Sist endret

16. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

737010ec1c95437eae60d8dbb3e2769e

Lignende annonser

Laster lignende annonser