Hopp til innhold

Sjukepleiarar som vil vera med i eldreomsorga?

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Institusjonsdrift

Sted

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiarar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Vil du vere med og skape ein trygg og god kvardag for våre bebuarar? Vil du utvikle deg innan fagområdet? 

Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet søker 4-5 engasjerte og fagleg sterke sjukepleiarar då me søker til fleire avdelingar og på begge institusjonane. Dette då fleire av våre tilsette har gått eller skal gå av med pensjon, permisjon eller har gått over i andre stillignar. Me søker sjukepleiar til demensomsorga, somatisk langtid, Korttid/rehabilitering og natt.

Me ønskjer deg velkommen som vil bidra til å vidareutvikle våre tenester og sikre høg kvalitet i omsorga.

Hos oss får du jobbe i eit inkluderande og tverrfagleg miljø, der bebuarane står i sentrum. Jo fleire me er - jo betre kvalitet på tenesta og gode arbeidsdagar for tilsette! Me ønsker fleire med på laget for å bygge ein god grunnmur for tenester og for de som tilsette på alle avdelingar samt natt.

Ølen omsorgssenter har ei avdeling for somatisk langtid og korttid/rehabilitering. Vindafjordtunet har 2 avdelingar for personar med demens og ein somatisk avdeling. Begge hus har natt på institiusjon samt nattpatrulje i heimane.

Ein har tilsynslege 2 dagar i veka og fysio/ergo som er tett knytt til korttid/rehabiliteringsavdelinga. 

Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet har og eige produksjonsskjøkken. 

FUNFACT; Visste du at me og har servicemedarbeidar på alle avdelingar og helgeassistent laurdag og søndag dag? Desse er på toppen av bemanninga vår og tek dei praktiske oppgåvene i avdelinga slik at du som fagperson skal få gjera dine oppgåver som er knytt til bebuarane! 

Kva får du jobba med hos oss?
  • Bidra aktivt til å skape eit trygt og godt bumiljø for bebuarane.
  • Utføre sjukepleiefaglege oppgåver som kartlegging (t.d. NEWS), oppfølging, pleieplanar, tiltak og medikamenthandtering.
  • Ha kontakt med pårørande og samarbeid med lege.
  • Delta i og bidra til palliasjonsomsorg.
  • Rettleie kollegaer og studentar, og delta i tverrfagleg samarbeid.
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og kontinuerleg utvikling og kvalitetsforbetring av tenestene.
  • Arbeid i eit miljø tilrettelagt med gode hjelpemidlar og takheisar
  • Arbeide i eit framtidsretta miljø med pasientvarsslingssystem og IKOS tavler
  • Sjukepleieteam under utforming 
  • Fagdag kvar 6 veke
Me kan tilby:

 Lønn som ved 8 års ansienitet frå første dag

  • 25 000,- over garantilønn for arbeid på dag/kveld
  • 40 000,- over garantilønn for arbeid på natt
  • Med vår helgeavtale kan du tene ekstra per time når du tek på deg fleire helgevakter - meir jobb i helga, meir pengar i lomma!
  • Arbeidstidsordningar slik du ønsker: dag/kveld, reine langvakter eller ein kombinasjon langvakter/dag/kveld. Natt kan og kombinerast med dag/kveld. 
  • Årsturnus
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Moglegheiter for etter- og vidareutdanning i samsvar med vår kompetanseplan og med støtte frå arbeidsgivar.
  • Moglegheiter for å søka om stipend for relevant kompetanseutvikling.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering, rabatt på treningssenter og tilbod om gunstig mobilabonnement.
  • Moglegheit for å bli med i bedriftskunstlaget og kommunalt kor (KORe’ Vindafjord)
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
Kvalifikasjonar:
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er på nynorsk. 
Personlege eigenskapar:
  • Du vil yte gode tenester i eldreomsorga og for bebuarane.
  • Du har interesse for faget og held deg oppdatert – og likar å finne nye måtar å arbeide på.
  • Du har eit sterkt ønskje om å arbeide med menneske med komplekse og varierande hjelpebehov.
  • Du er ein positiv bidragsytar i arbeidsmiljøet og trivst med hektiske arbeidsdagar.
  • Du arbeider sjølvstendig, systematisk og målretta.
  • Du er framoverlent og leitar etter gode tiltak for å gi best mogleg tenester – bebuaren kjem først!
  • Du er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av avdelingar – som sjukepleiar gjer du sjukepleiaroppgåver!
  • Du verdset eit godt arbeidsmiljø og samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 
Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

fbc94444-c472-4dbd-b9e3-ff2302c36f56

Sist endret

14. januar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3576427_229835_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser