Hopp til innhold

Me søker helsefagarbeidar- bli ein del av vårt engasjerte lag!

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Tilrettelagde tenester

Sted

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid 85%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. mars

Fast stilling omlag 85% - Tilrettelagte tenester, Sandeid bufellesskap.

Er du helsefagarbeidar og har lyst til å jobbe i eit fagleg sterkt miljø der ingen dagar er like? Hos oss får du ein meningsfull jobb der du er med og skapar ein trygg og utviklande kvardag for menneske med ulike hjelpebehov.

Om eininga:

Tilrettelagde tenester gjev tenester etter vedtak heimla i helse- og omsorgstenestelova; Bistand i heim og i bufellesskap med heildøgnstenester, avlasting, støttekontakt samt dagtilbod ved Gnisten arbeid og aktivitetssenter. Eininga kjøper også tenester som dagtilbod og BPA. Det er 4 avdelingar i tilrettelagde tenester. Tre av desse er heildøgns-bemanna bufellesskap, der ein og har ansvar for miljøarbeid og praktisk bistand til private bustader utanom bufellesskapa.

Eining tilrettelagde tenester gjev målretta miljøarbeid. Tenestene er personleg, sosialt og fysisk tilpassa enkeltmenneske sitt behov. Formålet er å fremje personleg vekst og utvikling, eigenmeistring og deltaking på lik linje med andre i samfunnet.

Sandeid bufellesskap:

Sandeid bufellesskap gjev heildøgnstenester til menneske med psykisk utviklingshemming og nedsett funksjonsevne. Hos oss får du eit godt fagmiljø med fokus på brukarmedverknad, kvalitet og kompetanse. Me jobbar tett saman for å sikra at kvar brukar får den støtta dei treng for å leva eit godt og meiningslfullt liv.

Hovudarbeidsoppgåver:

Arbeidet består i å gje praktisk hjelp og bistand etter vedtak/tiltak etter brukaranes behov. Fagarbeidar arbeider i team med assistentar og miljøterapeutar. Arbeidet er turnus med langvakter kvar tredje helg.

Kvalifikasjonar:
  • Me søkjer etter personar med autorisasjon som helsefagarbeidar. Erfaring frå arbeid med menneske med psykisk utviklingshemming er ynskjeleg. 
  • Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg. Skriftspråket i kommunen er nynorsk. 
  • Førarkort klasse B
  • Me oppmodar menn til å søkja!
Personlege eigenskapar:

Me søkjer deg som har:

  • Har eit ynskje om arbeide med menneske som har komplekse og varierande hejelpebehov.
  • Har interesse for faget og held deg oppdatert
  • Evne til samarbeid
  • Evne til å ta imot og gje rettleiing
  • Evne til refleksjon
  • Evne til å arbeide sjølvstendig
  • Positiv innstilling til brukarar og arbeidsplass
  • Fleksibilitet
  • Personlege eigens
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Me kan tilby:
  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • kompetanseheving med støtte frå arbeidsgjevar
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Gratis parkering
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)
Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Kristin Tellefsen

+47 90502085 +47 53656565

Kristin.tellefsen@vindafjord.kommune.no

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

245bcec1-1ca7-45c7-af32-c708dc76cde2

Sist endret

6. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3601461_229847_nn

Lignende annonser