Hopp til innhold

Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver

Sveio kommune

Sted

Sveiogata 70, 5550 Sveio

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 29. april

Om stillinga

Eining Habilitering har bustad for utviklingshemma som ligg sentralt i Sveio sentrum. Åsvegen bueining søkjer helsefagarbeidar i 100% stilling. Stillinga høyrer primært til denne avdelinga, men den tilsette arbeider ved begge sentrumsavdelingane til Habilitering, Stemhaugen - og Åsvegen bueining.  Har du lyst å arbeida i eit spanande fagmiljø, med brukar med samansatte utfordringar, er du den rette for oss. 

Me nyttar attraktiv langvaktsturnus med arbeid 4. kvar helg og vakter på inntil 14 timars varighet. Dette er ein turnus som er godkjent for 1 år om gangen. Frå februar 2027 vil eininga ta i bruk årsturnus. 

I stillinga følgjer du brukar fra morgon til kveld, og er med på tilrettelagt arbeid og fritidsaktivitetar. Dette gjer dagen forutsigbar for brukar og deg som tilsett. Ein vert kjent med alle brukarane som bur hos oss, slik at ein får variasjon i arbeid og kan væra med på å tenke heilhetleg for drifta.

Saman med gode kollegaer og godt fagarbeid, får du gjennom denne stillinga moglegheit for å gjere kvardagen til våre bebuarar fin gjennom god livskvalitet og mestring.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide med utviklingshemming og psykisk helseutfordringar 
  • Ha interesse og erfaring med utfordrande atferd 
  • Medikamenthandtering 
  • Kunne vurdera og ta avgjersler i utfordrande situasjonar

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar, men andre med relevant utdanning på fagarbeidar nivå kan også søkje 
  • Videreutdanning innen psykisk helse, PAS eller anna relevant utdanning kan være ein fordel 
  • Erfaring frå arbeid med utfordrande atferd og psykisk helse er ein fordel 
  • Personleg egnethet vil bli vektlagt 
  • Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune
  • Du snakkar, les og skriv så godt at du kan både samarbeide med andre og utfører arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig
  • Førarkort kl B, manuell gir 
  • Godkjent politiattest

Personlege eigenskapar

  • Me legg vekt på at du er fleksibel og evnar å tilpassa deg situasjonar og nye arbeidsoppgåver
  • Du likar å finne løysingar saman med dine gode kollegaer 
  • Du må gjere deg kjent med tidlegare erfaringar om brukar, og utvikle fagarbeidet 
  • Du evnar å stå i tøffe situasjonar og taklar utfordring og stressa situasjonar på ein tilfredsstillande måte 
  • Du er fagleg engasjert, og held deg fagleg oppdatert 
  • Du jobbar målretta, systematisk og sjølvstendig, samtidig som du er opptatt av å ha eit tett og kontruktivt samarbeid med kollegaer og pårørande

Vi tilbyr

  • Utfordrande og lærerikt arbeid i eit engasjert og fagleg kompetent arbeidsfellesskap 
  • Eit fagmiljø under utvikling som du får vere med å påverke og utvikle 
  • Løn etter avtale, og gode pensjons- og forsikringsordningar 

Kontaktpersoner for stillingen

Linn Synnøve Vågeng

Avdelingsleiar Åsvegen bueining

+4794814106

linn.synnove.vageng@sveio.kommune.no

Evy Vihovde Kjellevold

Einingsleiar habilitering

+4797530041

evy.kjellevold@sveio.kommune.no

Om bedriften

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a9337a6d-eb39-48e1-a924-89db60943430

Sist endret

13. april 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10290919

Lignende annonser

Laster lignende annonser