Hopp til innhold

Helsefagarbeidar 80% fast stilling i Heimetenesta

Arbeidsgiver

Sveio kommune

Sted

Løkjavegen 35, 5550 Sveio

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar 80% fast stilling i Heimetenesta
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 31. mai

Om stillinga

Me søkar etter ny kollega til Heimetenesta i Sveio kommune, fast helsefagarbeidarstilling 80%. 
Heimetenesta har base på sjukeheimen i Sveio og server innbyggarane frå Tittelsnes i nord til Vikse i sør. 
Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord. 

Eininga har eit godt arbeidsmiljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Du skal få ei god opplæring og me tar godt i mot nytilsette.
Me er opptatt av at du trivs og kjenn deg trygg i avdelinga. Turnus er todelt dag/kveld, me har årsturnus som går over 52 veker og moglegheit for langvakter på helg.


Arbeidsoppgåver

  • I Heimetenesta jobbar me aktivt for at brukarane skal meistre å bu heima så lenge som mogeleg 
  • Mange spennande faglege utfordringar i tenesta der brukarane har eit alderspenn frå 0-100+ år 
  • Heimetenesta arbeider tverrfagleg med andre einingar i kommunen som bl.a tenestekontor, psykisk helse, hjelpemiddel lager, fysio/ergo og sjukeheim 
  • Helsefagarbeidar har ei sentral rolle i den daglege oppfølgninga av brukarane, med fokus på grunnleggende pleie, observasjon, dokumentasjon og tiltak som fremjar meistring og livskvalitet
  • Gjennom god kommunikasjon og relasjonsbygging bidreg helsefagarbeidar til at brukarane opplever tryggleik, kontinuitet og tillit i tenesta
  • Helsefagarbeidar samarbeider tett med sjukepleiar
  • Delta i rettleiing og støtte av elevar, lærlingar og nytilsette

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som helsefagarbeidar 
  • Personlege eigenskapar 
  • Sertifikat klasse B 
  • Godkjent politiattest

Personlege eigenskapar

  • Er positiv, fleksibel og løysingsorientert, initiativrik og emosjonelt robust
  • Du har god holdningar og verdiar som set pasientane i fokus 
  • Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig 
  • Er opptatt av fag, kvalitet og service 
  • Du er raus og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar (framtidige kollegaer)

Vi tilbyr

  • Faste fagdagar og fagmøter 
  • Årsturnus over 52 veker med planlagt ferie, høytid og helgearbeid 
  • Moglegheit for langvakter i helgene 
  • Dyktige kollegaer i eit godt arbeidsmiljø 
  • Moglegheit for vidareutdanning 
  • God offentleg pensjonsordning 
  • Tilsetting på vanlege kommunale vilkår 
  • Kommunale bilar 
  • Bedriftshelsetjeneste

Kontaktpersoner for stillingen

Camilla Selbak

Einingsleiar Pleie- og omsorg

+4795154037

camilla.selbak@sveio.kommune.no

Eiren Børven

Avdelingsleiar Heimetenesta

+4753748258

Eiren.Borven@sveio.kommune.no

Om bedriften

Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.

Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.

Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d5e0f8c3-64b4-49f1-89d0-5e2a0c1e30ab

Sist endret

6. mai 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10294768

Lignende annonser

Laster lignende annonser