Hopp til innhold

Beste sommarjobben med meining!

Arbeidsgiver

Vindafjord kommune Institusjonsdrift

Sted

Rådhusplassen 1, 5580 Ølen

Om jobben

Stillingstittel
Sommarvikar i sjukeheim
Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
8
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. mars

Sommarvikarar – Vindafjordtunet og Ølen omsorgssenter 

Vil du ha ein sommarjobb med meining? Vi søkjer engasjerte sommarvikarar som vil bidra til ein trygg, aktiv og god kvardag for våre eldre – enten på Vindafjordtunet eller ved Ølen omsorgssenter. 

Ein jobb som betyr noko!

Som sommarvikar blir du ein viktig del av kvardagen til bebuarane våre. Gjennom stell og pleie, daglege aktivitetar, måltid og gode samtalar er du med på å gjera dagane lysare for dei som bur hos oss. 

Du får jobbe saman med dyktige og faste tilsette som gir god opplæring og rettleiing. Du blir tatt godt imot og får kompetansen du treng for å lukkast i jobben – uansett om du har erfaring frå før eller ikkje. 

Du som kan arbeide 80- 100% og fem veker eller meir vert prioritert.

 

Bonusordningar – ekstra løn for deg som satsar på sommaren hos oss!

Vi set stor pris på dei som bidreg i heile sommaravviklinga, og tilbyr derfor gode bonusar:

⭐ Jobbar du 7 veker mellom veke 25–33

Då får du 10 000 kroner i bonus!

⭐ Kan du arbeide dei fire siste vekene (veke 30–33)?

Då får du 6 000 kroner i bonus!

(Du må arbeide 75-100% og gå vekene for å få bonusen).

 

Stillingane er ledig frå:

15.06.2026 – 16.08.2026

Om du ønskjer ein meiningsfull sommar, gode kollegaer og eit inkluderande arbeidsmiljø – då håpar vi du søker!

Kva får du jobba med hos oss?
  • Ivareta generell pleie og omsorg til bebuarane våre- herunder førebygging, behandling og rehabilitering.
  • Stell og dagleg pleie.
  • Hjelp og bistand i måltider.
  • Praktiske oppgåver- serviceoppgåver i avdeling
  • Aktivitets motivator for våre bebuarar! 
Me kan tilby:
  • Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
  • Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
  • Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
  • Kjekke tilsettgoder som blant anna gratis parkering.
  • Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. 
  • Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
  • Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Kvalifikasjonar:
  • Helsefagleg autorisasjon og bakgrunn er ønskjeleg. 
  • Søkerar utan formell utdanning men med erfaring og /eller interesse for faget vert og vurdert.
  • Grunleggande datakunnskap.
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunskaper - me nyttar nynorsk som skriftspråk. 
Personlege eigenskapar:
  • Fleksibel og lærevillig.
  • Blid og serviceinnstilt.
  • Etterspør veiledning ved behov.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Engasjert og effektiv- ser kva som kan bli gjort og tar muligheita for å gå ein tur, lese, spele med bebuarane våre!

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Andre opplysningar:
  • Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
  • Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse. 
Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Annelin Bauge (Einingsleiar)

+47 97657778 +47 53655904

annelin.bauge@vindafjord.kommune.no

Om bedriften

Vindafjord kommune ligg sentralt på Indre Haugalandet og grensar til Tysvær, Etne, Sveio, Suldal og Sauda. Med sine ni bygder og over 9000 innbyggjarar, er kommunen ein levande og mangfaldig stad. Kommunesenteret Ølen ligg om lag fem mil frå Haugesund. Vindafjord er ein stor landbrukskommune med eit dynamisk og variert næringsliv. Kommunen har høge ambisjonar om å vera eit naturleg sentrum for Indre Haugalandet. Med si strategiske plassering og ei lang kystlinje mot både Sunnhordlands- og Ryfylkebassenget, byr Vindafjord på mange moglegheiter for friluftsliv. Frå turstiar i skog og fjell til aktivitetar langs kysten – her finn ein noko for alle. Som innbyggar i Vindafjord kommune får du fleire fordelar som gjer kvardagen litt enklare. Til dømes kan du få sletta inntil 25.000 kroner av studielånet ditt kvart år, heilt fram til lånet er nedbetalt. Me tilbyr òg rimelege barnehageplassar, sånn at både småbarnsfamiliar og nyetablerte kan trivast og kjenna seg trygge her hos oss.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

cb3997a7-3195-49bc-a3ae-552ac0ea9e15

Sist endret

6. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3598173_229835_nn

Lignende annonser