Ferievikarar i Pleie- og omsorg
Sveio kommune
Løkjavegen 35, 5550 Sveio
Om jobben
- Stillingstittel
- Sveio kommune treng ferievikarar i Pleie- og omsorg
- Type ansettelse
- Feriejobb, deltid
- Arbeidstid
- Turnus
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 10
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 22. mai
Om stillinga
Pleie og Omsorg i Sveio kommune omfattar:
- Heimetenesta utfører heimesjukepleie og praktisk bistand/reinhald i heimen.
- Sveio Omsorgssenter har sjukeheim med 3 avdelingar, kjøkkendrift og reinhold/vaskeri.
Våre tilsette skal avvikle sommarferie, og difor treng me deg for å kunne gje gode tenester gjennom sommaren. Fyller du 18 år før 1. juni 2026 kan du søkje.
Me er spesielt interessert i deg med helsefagleg bakgrunn, men også deg som er under utdanning. For helsepersonell kreves norsk autorisasjon. Andre med interesse for fagområdet er også velkommen til å søke.
Ferievikar perioden er frå 15. juni til 10. august og du binder deg til å jobbe saman hengande i minst 6 veker i 100 % stilling i denne perioden. Som ferievikar må du regne med å jobbe i turnus med vakter dag, kveld, natt og anna kvar helg. I enkelte stillingar kreves det ordinært førerkort for bil (klasse B). Vikarer innan helse og omsorg må levere tilfredsstillende politiattest som ikkje er eldre enn tre måneder.
Arbeidsoppgåver
Dine arbeidsoppgåver vil vere å hjelpe pasientane og brukarar med daglege gjeremål. Det kan være å tilrettelegge måltider, hjelp i stell og delta i miljøretta aktivitetar. Våre tilsette har eit fagleg fokus for å ivareta pasientane på best mogleg måte. Du jobbar saman med anna personell som sjukepleiar, fagarbeidarar og assistentar.
Kjøkkendrift produserer næringsrik og velsmakende mat til beboerne på kommunens omsorgssenter og til heimebuande.
Kvalifikasjonar
- Helsefagleg bakgrunn er ein fordel for stillingar innen omsorg.
- Andre med interesse for området kan også søkje.
- Være fylt 18 år før 1. juni 2026
- Kunne jobbe sammenhengende i minst 6 uker
- Krav om ordinært førerkort klasse B i Heimetenesta og på natt.
- Norsk er arbeidsspråk i Sveio kommune. Du snakker, leser og skriv så godt at du både kan samarbeide med andre og utføre arbeids oppgåvene dine sjølvstendig.
- Det er krav om tilfredsstillande politiattest for personell som ansettes i helse og omsorgstjeneste
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Evne til å jobbe sjølvstendig
- Lojal, punktlig og pliktoppfyllande
- Fokus på kvalitet i tenesta
- Må kunne handtere utfordrande arbeidsoppgåver
- Fleksibel og løysningsorientert
Vi tilbyr
- Sommarjobb i 100 % stilling
- Lønn iht. gjeldande avtaler
Skriv i søknaden om du har ein arbeidsstad du føretrekke å jobba i. Me prøve å ta omsyn til ønsket ditt. Tilbodet kan komme frå ei anna eining. Gi opplysninger om når du ønsker å arbeide, og om du har mulighet for å ta ekstra vakter før eller etter ferieperioden. Vi godtar kun elektroniske søknader.
Du får mer informasjon om stillingane som ferievikar hvis du tar kontakt direkte med den enkelte eining som du ønsker å arbeide ved.
Søknadsfristen er 22.mai, men tilsetting skjer fortløpande
Kontaktpersoner for stillingen
Espen Skråmestø
Avdelingsleiar Administrasjon Pleie- og omsorg
+4799502629
Anne Kristin Brurberg Olsen
Avdelingsleiar Sveio Omsorgssenter
+4753748261
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden.
Dei vel 5.750 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland.
Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e1fd1971-0f40-47ec-8e8c-ee56c6912f1e
- Sist endret
19. desember 2025
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10274775
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Hjemmetjenesten Sør, Dagavdeling og Postvegen omsorg
Sted
Karmsund
Ferievikar Fredheim sykehjem
Arbeidsgiver
Fredheim Sykehjem
Sted
Sævelandsvik
Ferievikar på Kopervik sykehjem, demensavdeling.
Arbeidsgiver
Kopervik sykehjem
Sted
Kopervik