Vil du ha ein meiningsfull sommarjobb?
Vindafjord kommune Rus og psykiatri
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Om jobben
- Stillingstittel
- Sommarvikar i rus og psykiatri
- Type ansettelse
- Feriejobb, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest fredag 27. mars
- Hauatunet Bufellesskap.
- Dagsenter – avdeling psykisk helse og rus.
- Helseavdelinga Sandeid fengsel
Vil du vera med på spanande dagar – oppleva – utforske og finna ut av dei ulike yrkene innafor psykiske helse og rus? Kanskje er det innan helse du og vil utdanne deg på sikt.
Me kan lova deg travle dagar, rolege dagar, kunnskapsrike dagar, spanande dagar, glade dagar og me kan lova at ingen dagar er kjedelege! Du får arbeida med kompetente og flinke folk og er velkommen til oss!
Kva får du jobba med hos oss?- Gje gode faglege og forsvarlege tenester.
- Miljøarbeid.
- Individuell oppfølging.
- Følgje rutinane i dei aktuelle avdelingane.
For meir informasjon, ta kontakt med kontaktpersonane i annonsen.
Me kan tilby:- Ca. 80-100% stilling frå veke 25/26 til og med veke 33
- Arbeidstid dagsenteret er kl. 08.00-15.30. Dagsenteret ligg i Sandeid og er eit tilbod til vaksne med utfordingar innanfor psykisk helse.
- Arbeidstid på Hauatunet bufellesskap er turnus dag, kveld, natt og helg. Hauatunet ligg i Ølen og er eit døgnbemanna bufellesskap for 8 personar med psykiske utfordingar.
- Arbeidstid i Helseavdelinga i Sandeid fengsel er kl. 08.00 - 15.30. Fengselet ligg mellom Sandeid og Ølen. Her treng vi berre sjukepleiar.
- Ein jobb med meining og faglege utfordringar som vil gi deg meistring.
- Arbeid med engasjerte kollegaer som ønsker at du skal trivast og lykkast.
- Støtte og opplæring for å hjelpa deg å komma godt i gong i den nye rolla di.
- Gratis parkering og gode parkeingsforhold.
- Ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon.
- Forsikringsordningar som gruppelivsforsikring, yrkesskadeforsikring og tenestereiseforsikring.
- Lønn etter gjeldande tariff og avtaleverk.
Bonusordningar – ekstra løn for deg som satsar på sommaren hos oss!
Vi set stor pris på dei som bidreg i heile sommaravviklinga, og tilbyr derfor gode bonusar:
⭐ Jobbar du 7 veker mellom veke 25–33
Då får du 10 000 kroner i bonus!
⭐ Kan du arbeide dei fire siste vekene (veke 30–33)?
Då får du 6 000 kroner i bonus!
(Du må arbeide 75-100% og gå vekene for å få bonusen).
Kvalifikasjonar:- Norsk autoriasjon som sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeider, hjelpepleiar, omsorgsarbeidar.
- Sjukepleiarstudentar og andre helsefagstudentar og elevar kan også søkje.
- Ufaglærte / assistentar.
- Du må ha førarkort.
- Stor interesse for faget og eigen utvikling.
- Du må beherska godt norsk, både skriftleg og munnleg - me nyttar nyorsk som skriftspråk.
- Blid og serviceinnstillt.
- Gode samarbeidsevner.
- Etterspør veiledning ved behov.
- Fleksibel, lojal og effektiv.
- Engasjert.
- Stiller til avtalt arbeidstid og overheld evt. turnusavtale.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
- Det er eit krav om godkjent politiattest for den som tilsettes i stillinga.
- Det er eit krav om at ein fyller ut egenerklæringsskjema for MRSA og tuberkulinstatus, før tiltredelse.
Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.
Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8f008e83-ea6b-49f1-850c-a8e1a7799268
- Sist endret
6. mars 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3599285_229845_nn
Lignende annonser
Sommarvikar i sjukeheim
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Institusjonsdrift
Sted
Ølen
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Heimetenesta
Sted
Ølen
Helsefagarbeidar
Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Tilrettelagde tenester
Sted
Ølen