Vil du vere ein nøkkelperson i ei viktig teneste for barn og familiar?
Fjaler kommune HAFS Interkommunale barnevernteneste
Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord
Om jobben
- Stillingstittel
- Merkantil koordinator i HAFS barnevernteneste - 100 % fast stilling
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 22. juni
HAFS barnevernteneste søkjer ein strukturert og engasjert merkantil koordinator til ei sentral og meiningsfull rolle i ei teneste med eit viktig samfunnsoppdrag.
Hos oss får du ein variert arbeidskvardag der du bidreg til god drift, tydelege strukturar og gode prosessar, til støtte for tilsette, leiing og tenestene vi gir til barn, unge og familiar.
Som merkantil koordinator blir du ein viktig del av den daglege drifta og ein sentral støttefunksjon i tenesta. Stillinga kombinerer administrative, økonomiske og koordinerande oppgåver, og passar for deg som trivst med ansvar, samarbeid og høgt tempo.
Vi ser etter deg som har gode samarbeids-, relasjonelle og kommunikative ferdigheiter, og som trivst med å arbeide med og for menneske. Du er løysingsorientert, fleksibel og trygg i møte med andre, handterer fleire oppgåver samtidig og arbeider godt både sjølvstendig og i team.
Stillinga er i dag knytt til barneverntenesta i 100 %. Endringar i organisering og tenestebehov kan på sikt medføre oppgåver på tvers av einingar og tenesteområde.
HAFS barnevernteneste arbeider målretta med fagutvikling, kvalitetsforbetring og gode tenester. Vi legg vekt på samarbeid, kompetanse og utvikling, og ønskjer medarbeidarar som vil vere med å skape gode løysingar.
Du vil mellom anna arbeide med:
- koordinering av administrative og strukturelle oppgåver
- støtte til dagleg drift og servicefunksjon for tilsette og leiing
- behandling av innsynsbegjæringar
- journalføring og dokumentasjon i fagsystem
- oppfølging av økonomi, fakturabehandling og forvaltningsoppgåver
- organisering av møte, reiser og praktisk logistikk
- utarbeiding, oppfølging og revisjon av rutinar og prosedyrar
- utviklings- og forbetringsarbeid
- samhandling på tvers av faggrupper og einingar
- rådgiving og administrativ støtte i ulike prosessar
Kvalifikasjonar
- 3-årig høgskuleutdanning innan økonomi og administrasjon, helse- og sosialfag eller pedagogikk
- søkjarar med anna relevant fagbakgrunn eller erfaring kan bli vurderte, men høgskuleutdanna vil bli prioriterte
- gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
- gode IKT-kunnskapar førarkort klasse B
- grunnleggande ferdigheiter i engelsk, både munnleg og skriftleg, er ønskjeleg
Den som vert tilsett må leggje fram godkjend politiattest
Kven ser vi etter?
Vi ser etter deg som:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- er serviceorientert, fleksibel og løysingsorientert
- arbeider strukturert og sjølvstendig
- trivst i ein travel arbeidskvardag og samarbeider godt med andre
Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyr
Hos oss får du:
- varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
- fagleg utvikling og kompetanseheving
- intern oppfølging og rettleiing
- eit fagleg spennande arbeidsmiljø i utvikling
- løn etter tariff
HAFS barnevernteneste er organisert under helse og omsorg.
Offentleg søkjarliste
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje ligg føre særlege grunnar for unntak frå offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekkje søknaden før søkjarlista vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
fb07f0b0-9dd5-484f-9e5b-f103290229da
- Sist endret
9. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3636337_175421_nn