Hopp til innhold

Vikariat som barne- og ungdomsarbeidar i Yksnebjør barnehage 2026/2027

Arbeidsgiver

Fjaler kommune Yksnebjør barnehage

Sted

Yksnebjørvegen 19-21, 6963 Dale i Sunnfjord

Om jobben

Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
2
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 16. juni

Yksnebjør barnehage har to ledige vikariat som barne- og ungdomsarbeidar for barnehageåret 2026/2027 – eitt i 100 % stilling og eitt i 50 % stilling. Ynskjer du å vere med og skape gode kvardagar fylt med leik, læring og omsorg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

Hos oss får du ein variert og kjekk arbeidskvardag saman med barna, og du blir del av eit godt arbeidsmiljø med ei fin aldersblanding i kollegiet. Du vil vere ein viktig del av eit engasjert fagmiljø som jobbar for at barna skal oppleve tryggleik, meistring og glede i kvardagen.

Vi tilbyr introduksjonsprogram for nytilsette, løn etter sentralt løns- og stillingsregulativ, samt svært gode pensjons- og forsikringsordningar.

Yksnebjør barnehage har i frå hausten 73 barn og 19 tilsette fordelt på 6 avdelingar. Vi held til i to bygg, der eitt er eit nybygg frå 2016. Vi legg stor vekt på å vere mykje ute og bruke nærområdet aktivt. Små og store er glade i å gå på tur og utforske dei ulike årstidene.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillingane.

 

Kvalifikasjonar:

  • Vi søkjer primært barne- og ungdomsarbeidar med fagbrev. Søkjarar med relevant erfaring frå arbeid med barn kan bli vurderte, men søkjarar med fagbrev vil bli prioriterte.
  • Gode norskkunnskapar - både skrifteleg og munnleg.
  • Grunnleggande digital kompetanse
  • Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest og MRSA- og tuberkulin eigenerklæring

 

Personlege eigenskapar:

Vi ser etter deg som:

  • Har godt samspel med både barn og vaksne
  • Er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen med god relasjonskompetanse
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Jobbar løysingsorientert i eit travelt miljø – og held på humøret
  • Er personleg eigna for stilling

Kommunen er oppteken av kjønnsbalanse i kollegiet, og menn vert føretrekte under elles like føresetnader.

 

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje ligg føre særlege grunnar for unntak, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden før lista vert gjort offentleg.

 

Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Marita Jacobsen

Styrar

+47 41401528 +47 57738066

Marita.Jacobsen@fjaler.kommune.no

Om bedriften

Yksnebjør barnehage ligg flott til i utkanten av Dale sentrum med eit allsidig uteområde. Vi har utsyn over Dalsfjorden og nærleik til sjø, skogsområde, bibliotek, helsetun og skular. Barnehagen har 53 barn og 17 tilsette fordelt på 4 - 5 avdelingar. Vi held til i to bygg, der det eine er eit nybygg som vart opna hausten 2016. Det blir lagt vekt på å vere mykje ute og nytte nærområdet flittig. Små og store er glade i å gå tur og nyttar dei ulike årstidene i kvardagen. BRAVO-metoden vert nytta som arbeidsverktøy til språkarbeidet i barnehagen. Målet er å skape god språkkompetanse gjennom tidleg innsats ved å oppleve meistring og gi rom for undring saman med andre. Barnehagen har fokus på eit inkluderande barnehagemiljø. Det blir jobba aktivt med gode relasjonar og eit godt utviklingsmiljø for alle.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

80b09fe9-0ea6-4c3b-83fe-be8b557ec9b9

Sist endret

30. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3632235_178067_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser