Hopp til innhold

Vil du vere med og skape ein god skulekvardag for elevane våre?

Arbeidsgiver

Fjaler kommune Dingemoen skule

Sted

Dingemoen, 6963 Dale i Sunnfjord

Om jobben

Stillingstittel
Dingemoen skule og SFO har ledig ei 100 % fast stilling for fagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 21. juni

Dingemoen skule og SFO har ledig ei 100 % fast stilling for barne- og ungdomsarbeidar/fagarbeidar. Arbeidsplass skuleåret 2026/2027 vert på Dingemoen skule og SFO. Vi ser etter deg som er stabil, trygg, varm og engasjert vaksen som trivast saman med barn, og som ynskjer å bidra til læring, meistring og gode opplevingar – både i klasserommet og på SFO. 

Hjå oss får du vere ein del av eit inkluderande arbeidsmiljø der relasjonar, samarbeid og elevane si utvikling står i sentrum. 

Arbeidsoppgåver 

Ein viktig del av arbeidet vil vere å byggje gode relasjonar til barna både i skuletida og på SFO, samt bidra til læringsstøttande og trivselsskapande aktivitetar. Du vil ha ansvar for å leie barnegrupper i SFO-tida gjennom å vere ein aktiv deltakar og medspelar i leik- og læringssituasjonar. 

Stillinga kan vere knytt til enkeltelevar som treng heilskapleg oppfølging gjennom heile skule- og SFO-dagen. 

I arbeidet på SFO er det viktig at du er aktiv og oppsøkjande i møte med barna, og at du evnar å sjå det enkelte barnet samstundes som du har oversikt over heilskapen. Dagane i SFO er varierte og ulike, og vi treng vaksne som samarbeider godt, tek initiativ og ser kvar det er behov for deira nærvær. 

Vi tilbyr ein meiningsfull og variert arbeidskvardag i eit godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer. Hos oss får du moglegheit til å vere med og påverke elevane sin kvardag og bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø. Løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande avtaleverk. 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller anna relevant fagutdanning (til dømes helsefagarbeidar). Søkarar utan fagbrev, men med relevant erfaring frå liknande arbeid, kan og verte vurdert.
  • Kompetanse og/eller erfaring frå arbeid med barn med særskilde behov.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. 
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding 


Personlege eigenskapar 

  • Evne til å handtere barn som utfordrar og har høgt aktivitetsnivå.
  • Gode samarbeidsevner i ein hektisk kvardag med høgt tempo.
  • Evne til å byggje relasjonar og til å utfordre, støtte og motivere for læring. 
  • Sjølvstendig og løysingsorientert.
  • Evne til å skaffe seg oversyn og ta leiing når det er nødvendig. 
  • Viser omsorg og bidreg til at alle barn kjenner seg inkluderte i fellesskapet. 
  • Påliteleg, ansvarsmedviten og med gode samarbeidsevner.

Vi legg vekt på at du er personleg eigna til stillinga.

Velkomen som søkjar til Fjaler kommune! Ta gjerne kontakt med oss om du har spørsmål til stillinga.

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Irene Langeland

Leiar SFO Dingemoen

41103582

irene.langeland@fjaler.kommune.no

Om bedriften

Dingemoen skule er ein 1-10 skule som ligg i Dale i Sogn og Fjordane. Likskap, kunnskap, venskap er visjonen til Dingemoen skule. Dingemoen ynskjer å vere ein skule med rom for alle og blikk for den einskilde. I den praktiske skulekvardagen legg vi stor vekt på fellesskap, men og at den einskilde skal få oppleve meistring og utfordringar gjennom mangfald i inntrykk og uttrykk, medverknad og medansvar gjennom dialog. Ved Dingemoen skule arbeider vi for eit læringsmiljø som sikrar: - tilpassa opplæring for alle, med god balanse mellom utfordring og meistring - høg fagleg kvalitet, som grunnlag for personleg vekst og vidare skulegong Vi legg til rette for utvikling av: - tryggleik, trivsel og medverknad - lærelyst, kreativitet og kritisk sans - samarbeid, personleg ansvar og god takt og tone - godt samarbeid med heimen Dingemoen skule har: - nulltoleranse for mobbing, vald og rasisme

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ede0ce5f-8e30-4912-b429-2a9819de9b46

Sist endret

8. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3635391_174287_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser