Leiar fritidsklubb
Hyllestad kommune Oppvekst, kultur og idrett
Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
Om jobben
- Type ansettelse
- Fast, deltid 13%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Mulighet for hjemmekontorAI
- Ingen mulighet for hjemmekontor
Bruk av kunstig intelligens
Søk på jobben
Søk senest søndag 5. juli
Vil du vere med å gje tilbod om eit trygt og godt aktivitetstilbod for barn og unge i Hyllestad?
Hyllestad kommune vil halde fram med tilbod om fritidsklubb for barn og ungdommar i 5. - 10. klasse. Vi har opent ein ettermiddag i veka etter skuletid og fram til kl. 18.00. Klubben nyttar sosialt rom i Hyllestadhallen som base.
Føremålet med klubben er å skape ein meiningsfull sosial arena der ungdommar og større barn kan vere saman med jamaldrande og trygge vaksne. Dei unge får vere med å ta avgjerd om aktivitetar og innhald i tilbodet.
Kvar gong skal det serverast eit varmt måltid som nokre av barna er med på å lage.
Fritidsklubben er ein viktig arena for utvikling av sosial kompetanse.
Hyllestad kommune har ledig fast stilling som leiar for fritidsklubben, 13,33 % stilling, frå 10.august 2026. Arbeidstid per veke utgjer 5 timar, inkludert føre- og etterarbeid/planlegging. Aktivitetstilbodet følgjer skuleruta.
Arbeidsoppgåver
- Planlegge og drifte fritidsklubben i samarbeid med kommunalsjef og dagleg leiar for frivilligsentralen og andre relaterte samarbeidspartnarar.
- Planlegge og gjennomføre fritidsaktivitetar i samarbeid med deltakande barn/ ungdom og medarbeidarar
- Planlegge og tilrettelegge for felles varmt måltid
- Dialog og samarbeid med føresette
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan barne – og ungdomsarbeid, helse- og sosialfag, pedagogikk eller liknande.
- Annan relevant utdanning og/ eller praksis kan vurderast.
- Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Den som vert tilsett må kunne legge fram tilfredsstillande politiattest og helseattest.
Personlege eigenskapar
Du er ein utadvendt, påliteleg, trygg og tydeleg vaksen - med eit stort hjarte for barn og unge.
Du har god kunnskap om, og er interessert i, kva dagens barn/ungdom er opptekne av.
Du har gjerne ulike ferdigheiter eller interesser som kan vere relevant for klubben sine tilbod (til dømes innan handverk, data, friluftsliv, kunst, musikk)
Du er god på relasjonar, flink til å lytte, kommuniserer godt med barn og ungdom og vil bidra til å skape eit godt og inkluderande miljø.
Vi kan tilby
Ei stilling der du kan gjere ein forskjell i Hyllestadsamfunnet.
Pensjonsordning i KLP.
Løn etter kvalifikasjonar og tariff.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
c7376131-d519-4a5a-897a-61113619ea19
- Sist endret
19. juni 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3639171_141667_nn