Vil du vere med og forme framtida for helse- og omsorgstenestene i Hyllestad?
Hyllestad kommune Helse og omsorgstenestene
Lifjordvegen 7, 6957 Hyllestad
Om jobben
- Stillingstittel
- Kommunalsjef helse og omsorg
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 13. september
Hyllestad kommune har ledig stilling som kommunalsjef helse og omsorg, fast 100 % stilling frå 01.10.2026.
Vil du vere ein sentral leiar i utviklinga av framtidas helse- og omsorgstenester i Hyllestad kommune? Vi søkjer ein tydeleg og samlande leiar som vil ta ansvar for eit viktig samfunnsoppdrag. Hos oss får du påverke strategiske val, leie dyktige fagmiljø og bidra til at innbyggjarane får gode og framtidsretta tenester.
Stilinga sin næraste overordna er kommunedirektøren, og kommunalsjefen er del av direktøen si leiargruppe og beredskap/kriseleiing. Kommunalsjefen er næraste overordna til einingsleiar helse og einingsleiar omsorg. Plan, prosess, koordinering og utvikling ser vi som ein viktig del av stillinga, personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Kvifor søkje stillinga som kommunalsjef?
- Du får moglegheit til å påverke utviklinga av viktige tenesteområder
- Du får høve til å arbeide saman med dyktige leiarar og medarbeidarar
- Du får høve til å bidra til reell samfunnsutvikling
- Du bli medlem i KLP, eit av landets beste pensjonsordningar. Les gjerne meir om medlemsfordelane i KLP
- Du får høve til å søkje om sletting av utdanningsgjeld jf. ny ordning for distriktskommunar
Kvifor Hyllestad?
Hyllestad kan skilte med norsk natur på sitt beste, du kan rusle langs vasskanten eller bestige fjell som Lihesten, her er gode moglegheiter for jakt og fiske. I Hyllestad er det rom og moglegheiter for både familiar og einslege. Vi har mange fritidsaktivitetar i regi av ulike lag og organisasjonar. Og - her er plass til fleire - kanskje akkurat deg?
Kommunen har ledige byggeklare tomter med flott utsikt og gode solforhold, fritids- og aktivitetstilbod for både store og små. Har du lyst å lese meir om livet i Hyllestad, sjekk ut Hyllestadinfo
Som kommunalsjef helse og omsorg vil arbeidsoppgåvene dine mellom anna vere:
- Leie og utvikle tenestene med mål om å skape og utvikle heilskaplege tenester gjennom tverrfagleg samarbeid
- Leie og utvikle tilsette gjennom dialog og oppfølging
- Økonmisk planlegging, budsjettarbeid og rapportering
- Bidra til utvikling og iverksetting a kommunen sine strategiar, verdiar og vedtekne mål
- Administrativ leiar for kommunen sitt psykosoiale kriseteam
- Andre oppgåver kan kome i tillegg og oppgåvene kan endre seg etter behov.
Kvalifikasjonar
- Minimum 3-årig høgskuleutdanning innan administrasjon og leiing, gjerne spesielt retta mot helse og omsorg
- Gjerne relevant utdanning på masternivå og/eller leiarutdanning
- Sterkt ønskje om relevant leiarerfaring
- Gode evner for kartlegging, analyse og til å etablere kontinuerlege forbetringsprosessar som del av organisasjen sitt kvalitetssystem
- Gode norsk kunnskapar, skriftleg og munnleg
Kontakt
Fleire opplysningar om stillinga kan du få hos kommunedirektør Gjermund Flage, tlf. 577 89 546/932 18 780 eller noverande kommunalsjef Rolf Horne, tlf. 577 89 515/469 37 412.
Hos oss vil du få ein gjeng med gode kollegaer som kan faget sitt, og som ønskjer å lære vekk sin kompetanse - samstundes som dei vil lære av deg! Vi har eit godt arbeidsmiljø i avdelinga og på huset, felles lunsj i kantina og kollegatrim ein gang i veka. Er du treningsentusiast får du gratis tilgang til treningsstudio i idrettshallen vår.
Som kommunalsjef i Hyllestad får du kombinere strategisk leiarskap med nærleik til menneske, tenester og resultat. Her vil du sjå at arbeidet ditt gjer ein forskjell, både for innbyggjarane og for medarbeidarane dine.
Søk stillinga og bli med på laget vårt! Vi gledar oss til søknaden din dukkar opp i innboksen vår!Relevante lenkjer
- Hyllestad kommune som framtidig arbeidsgjevar
- Hyllestadinfo
- Sjå andre ledige stillingar i Hyllestad på arbeidsplassen.no
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
99164133-2465-4d58-9f68-d27d1c9497e3
- Sist endret
20. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3654627_227075_nn