Har du gode mellommenneskelege ferdigheiter, og likar å gje omsorg og omgås mange ulike typar menneske? Då er stillinga noko for deg!
Askvoll kommune Heimetenester
Askvoll omsorgssenter, 6980 Askvoll
Om jobben
- Stillingstittel
- Ledige faste stillingar som helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar ved heimetenesta Askvoll
- Type ansettelse
- Fast, deltid 95%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. desember
I vår kommune er vi opptatt av at tenestene skal vere fagleg gode og medverke til god livskvalitet. Helse og omsorgstenestene i kommunane står overfor spanande utfordringar på grunn av endra alderssamansetning i befolkninga. Pasientar og brukarar har ofte samansette lidingar, difor treng vi fagpersonar med god kompetanse som ser behova i heilskap.
Heimetenesta i Askvoll kommune yter helse og omsorgstenester til innbyggjarar som bur i eigen heim og i omsorgsbustadar. Tenesta omfattar mellom anna heimesjukepleie, praktisk bistand og oppfølging av brukarar med ulike behov . Vi arbeider for at den enkelte skal kunne bu lengst mogleg i eigen heim, oppleve tryggleik, meistring og ha ein aktiv og meiningsfull kvardag.
Vi har følgjande ledige stillingar som helsefagarbeidarar/omsorgsarbeidarar, med arbeid etter 35,5 t/veke og på helg:- 95% fast stilling på helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar med arbeid kvar 5 helg langvakter
- Helgestillingar frå 10-20% fast
Ver venleg å oppgje i søknadsteksten kva stilling du søkjer på.
Arbeidsoppgåver:- Utøve pleie til pasientar og brukarar med utgangspunkt i «kva er viktig for deg?»
- Medverke til at pleiefaglege oppgåver blir utført i samsvar med gjeldande krav til kvalitet
- Dokumentere og rapportere i samsvar med gjeldande retningsliner og prosedyrar
- Medikamenthandtering
- Delta i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid både internt i kommunen og eksternt
- Medverke til god informasjonsflyt
- Pliktar å halde seg oppdatert innan eige fagfelt og delta i relevante møte/opplæring
- Rettleie pasientar, pårørande og tilsette, samt studentar/elevar
- Medverke til eit godt arbeidsmiljø
- Etaten nyttar Acos Cosdoc som dokumentasjonsverkty
- Autorisasjon som helsefagarbeidar/omsorgsarbeidar med fagbrev
- Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
- Kan møte menneske i ulike livssituasjonar og med ulike behov på ein verdig og respektfull måte
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Positiv, fleksibel og fagleg engasjert
- Evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg
- Like utfordringar og er løysingsorientert
- Ha evne til å handtere tidvis travle periodar og høgt tempo
- Varierte og spennande arbeidsoppgåver i eit aktivt og positivt arbeidsmiljø
- Mogelegheit for sletting av studielån på inntil 25.000 kroner årleg gjennom statleg ordning
- Arbeid etter 35,5 t/veke og på helg
- Mogelegheit for å jobbe langvakter kvar femte helg etter nærare avtale. I staden for vanlege vakter kvar tredje helg
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Flyttegodtgjersle ved nytilsetjing i følgje personalhandbok for Askvoll kommune
Det er krav om framlagd politiattest ved oppstart.
Ta kontakt om du har spørsmål om stillingane.
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar.
Askvoll kommune legger vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje - uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknadar om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
6aa26e99-16c5-43e5-9d6f-bf39d00989c8
- Sist endret
25. november 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3681211_171737_nn