Hopp til innhold

Fagarbeidar med fleksibel arbeidstid i turnus i Miljøtenesta, tre 100 % faste stillingar

Arbeidsgiver

Fjaler kommune Miljøtenesta

Sted

Dalstunet 20, 6963 Dale i Sunnfjord

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
3
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 21. juni

Miljøtenesta har tre ledige faste 100 % stillingar, og vi søkjer både helsefagarbeidarar og barne- og ungdomsarbeidarar. Vi lyser ut stillingar med fleksibel arbeidstidsordning, der arbeidstida kan organiserast som todelt turnus, langvakter eller døgnvakter i årsturnus. Arbeidstidsordninga blir fastsett ut frå gjeldande regelverk og verksemda sitt behov.

Vi håper du tek kontakt eller sender oss ein søknad. Vi gler oss til å fortelje deg meir om korleis det er å vere ein del av tenesta vår, og korleis dei dyktige tilsette hos oss jobbar godt og målretta med miljøarbeid og helsehjelp til brukarane i tenesta.

Arbeidsoppgåver
  • Sikre at det vert utført fagleg forsvarleg tenesteyting til den einskilde brukar.
  • Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar.
  • Planlegge og gjennomføre aktivitetar med brukar.
  • Samarbeid og ivaretaking av brukarar og pårørande.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Journalføring og dokumentasjon.
  • Bidra til utvikling og meistring gjennom gode opplevingar.

 

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar 
  • Førarkort kl. B
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Den som vert tilsett må legge fram politiattest og godkjent MRSA- og tuberkulinattest før tiltreding 

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner
  • Sjølvstendig
  • Gode kommunikasjonsevner både munnleg og skriftleg
  • Du må bidra aktivt til et positivt arbeidsmiljø
  • Engasjement for miljøarbeid for personar med utviklingshemming

Vi tilbyr:

  • Introduksjonsprogram for nytilsette
  • Løn etter utdanning og erfaring
  • Gode pensjonsordningar
  • Rabatterte forsikringar i KLP

Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg. 

 


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Anna Myklebust Johannessen

Tenesteleiar Miljøtenesta

+47 57738143

Anna.Myklebust.Johannessen@fjaler.kommune.no

Om bedriften

Miljøtenesta yter heildøgns tenester til menneske med utviklingshemming og nedsett funksjonsevne, og omfattar tenester i eigen heim og i bufellesskap, samt dagtilbod på Vevang Dagsenter.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6de29904-700b-4415-bcf0-d03c9868feb2

Sist endret

30. mai 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3633125_173795_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser