Rådgjevar
Nav Ullensvang
Eitrheimsvegen 32, 5750 Odda
Om jobben
- Stillingstittel
- Rådgjevar
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Søk på jobben
Søk senest mandag 5. januar
Nav Ullensvang ligg i Odda og har 25 tilsette. Kontoret er ein del av Nav region Voss og Hardanger og består av Nav Voss, Nav Kvam, Nav Vaksdal, Nav Eidfjord og Nav Ulvik, i tillegg til Nav Ullensvang. Stillinga ligg til kontoret i Ullensvang og er ein del av Nav region Voss og Hardanger sitt marknadsteam.
Hos oss får du arbeida i eit regionalt marknadsteam med base ved Nav Ullensvang, men du må rekna med å utføra oppgåver i heile region Voss og Hardanger. Det betyr at den som vert tilsett, vil jobba med brukarar frå heile regionen og må vera budd på ein del reising.
Marknadsteamet arbeider med jobbsøkjarar som er klare for arbeid, og har og ansvar for tett og god oppfølgjing av arbeidsgjevarar som treng støtte i samband med rekruttering, nedbemanning og liknande behov.
Arbeidsoppgåver
- Følgja opp brukarar som er klare for jobb og som treng litt hjelp frå Nav.
- Samhandla med og hjelpa arbeidsgjevarar med rekruttering/omstilling.
- Den som vert tilsett skal også ha mottaksvakter på lik linje med andre i kontoret.
- Karriererettleiing og jobbmatch.
- Dokumentera informasjon og rapportera i ulike relevante fagsystem.
- Ta initiativ og vera ein god ambassadør for Nav.
Kvalifikasjonar
- Utdanning på minimum bachelornivå, gjerne innan helse- og sosialfag, samfunnsfag eller juridiske fag. Relevant erfaring kan kompensera for noko av utdanningskravet.
- God munnleg og skriftleg formidlingsevne på norsk.
- God digital kompetanse.
- Førarkort klasse B.
Det er ein fordel om du har:
- Kjennskap til offentleg sektor.
- Erfaring med endringsprosessar.
- Kunnskap om arbeidsmarknaden i regionen.
- Erfaring med rettleiing og relasjonsbygging.
Personlige egenskaper
- Relasjonsbyggande.
- Strukturert og gjennomføringssterk.
- Løysingsorientert og nyskapande.
Vi tilbyr
- Meiningsfulle og utfordrande arbeidsoppgåve.
- Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling.
- Eit triveleg arbeidsmiljø prega av høg kompetanse og engasjerte medarbeidarar.
- Spennande møter med interessante arbeidssøkjarar og arbeidsgjevarar.
- Fleksitidsordning.
- Tilsetting i stillingskode 1434 Rådgjevar med lønnspenn frå kr. 622.000 til kr. 655.000 per år. For særleg kvalifiserte søkarar kan noko høgare løn vurderast.
- Velferdsgode som fleksibel arbeidstid og moglegheit for trening i arbeidstida.
- God pensjonsordning, låneordning og forsikringar gjennom Statens pensjonskasse.
Les meir om Nav som arbeidsgivar
Kontaktinformasjon
Grete Jorunn Grønnestad, Konstituert Nav leiar, 41290348, grete.jorunn.gronnestad@nav.noEirik Verpelstad, Regionleiar, 91152458, eirik.verpelstad@nav.no
Arbeidssted
Eitrheimsvegen 325750 Odda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NavReferansenr.: 5047032427
Søknadsfrist: 05.01.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Nav søker ansatte med hjerte for mennesker og våre fagområder. Vår visjon er å gi mennesker muligheter, og dette gjør vi ved å utvikle Norges beste arbeids- og velferdstjenester.
Nav består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidere. Vi jobber tverrfaglig i sterke fagmiljøer. Hos oss skal arbeidsmiljøet preges av involvering, åpenhet og tillit.
Mangfold er viktig i Nav. Mangfold bidrar til bedre problemløsing, økt kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppfordrer derfor kandidater med ulik bakgrunn til å søke på stillinger hos oss, spesielt om du har hull i CV-en, innvandrerbakgrunn eller nedsatt funksjonsevne.
Når du søker jobb hos oss, vil navnet ditt stå på en offentlig søkerliste. Ønsker du å bli unntatt fra offentlig søkerliste må du begrunne dette. Del gjerne ditt vitnemål eller karakterutskrift via vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f88de3e4-8e27-4a7e-adb1-c0979b3919c4
- Sist endret
4. desember 2025
- Hentet fra
talentech
- Referanse
bd152900ffc040f4a40289a0e426bb39
Lignende annonser
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Heimebaserte tenester Odda
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Heimebaserte tenester Odda
Sted
Odda
Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Utneheimen
Sted
Utne