Kunderådgivar
Om Kartverket
Sandvikevegen 9, 5780 Kinsarvik
Om jobben
- Stillingstittel
- Kunderådgiver
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 3
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 29. juni
Om stillinga
Kartverket er staten sitt fagorgan for kart, geodata og eigedomsinformasjon. Vår oppgåve er å byggja og vedlikehalda nasjonalgeografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeida med kommunar, statlege organ og private aktørar.
I vakre Hardanger, med fjord og fjell som ramme, ligg Kartverket sitt kundesenter i Kinsarvik. Her møter du eit dedikert team som er fyrste kontaktpunkt for alle som treng hjelp med eigedomsinformasjon, tinglysing eller kartdata. Kundesenteret er kjent for høg kvalitet og rask respons, og har som mål å yte god service til både privatpersonar og profesjonelle aktørar. I tillegg til å vera kundesenter har me også ansvaret for tinglysing av burettslagsandelar.
Med rundt 45 medarbeidarar er kundesenteret ein viktig del av Kartverket si nasjonale teneste, og leverer løysingsorientert service til heile landet. Digitale verktøy er kvardagen vår. Dei fleste tenestene våre er digitale, eller i ferd med å bli digitalisert. Kundane tek i hovudsak kontakt via telefon, medan andre vel chat eller e-post.
Kartverket Ullensvang har no ledig tre faste stillingar som saksbehandlar. Kanskje du blir ein av oss?
Arbeidsoppgåver
- Arbeide på kundesenteret og svare på førespurnadar som kjem inn via telefon, chat og e-post.
- Andreoppgåver kan bli pålagd
Kvalifikasjonar
- Høgskuleutdanning på bachelornivå eller høgare innan juridiske fag, samfunnsfag, eigedom, IT eller annan relevant studieretning
- Utenlandsk utdanning må være godkjent av Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse (HK-dir)
- Erfaring frå relevant arbeidsfelt, minimum 3 år, kan vege opp for manglande formell utdanning
- Det er positivt om du har erfaring fra kundesenter eller kundebehandling
- Gode kommunikasjonsevne, både munnleg og skriftleg, på norsk
- Forståing for, og god bruk av, digitale verktøy og tenester
- Kommuniserer klart og effektivt
- Du trivst med å utforske nye område og tileigne deg kunnskap som styrkjer kompetansen din
- Samvitsfull og påliteleg
- Leverer med kvalitet og driv
- Byggjer sterke relasjonar
- Opprettheld ei positiv og løysingsorientert haldning, sjølv i hektiske og krevjande situasjonar
Me tilbyr
- Ein moderne, levande og morosam arbeidsplass, interessante arbeidsoppgåver i eit triveleg arbeidsmiljø
- Ein kompetansearbeidsplass i utvikling
- Gode velferdsordningar
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Stillinga blir løna som rådgiver, kode 1434, frå kr. 530 000,- til kr. 600 000,- etter kvalifikasjonar
- Gunstig pensjonsordning gjennom Statens pensjonskasse
Kvifor skal du velje oss?
I Kartverket kombinerer vi stolte tradisjonar med framtidsretta teknologi for å løyse samfunnskritiske oppgåver. Verdien av fellessløysingane og den geografiske infrastrukturen Kartverket forvaltar er estimert til 30 milliardar kroner årleg innanfor viktige samfunnsområde som tryggleik og beredskap, klima, miljø og natur, kommunal forvaltning og privat næringsliv.
Vi trur på moderne måtar å jobbe på. Med ei produktorganisert tilnærming set vi brukarane i sentrum og sikrar rask verdi gjennom kontinuerlege leveransar. Vi har ein ambisjon om å gi alle våre tilsette ein kvardag der meistring og arbeidsglede står høgt i fokus. Du påverkar samfunnsutviklinga og får bidra til framtidas løysingar.
Om søknaden din
Fyll ut felta “Utdanning” og “Arbeidserfaring” og last opp relevante vitnemål og eventuelle attestar.
Positiv særbehandlingKartverket er oppteken av mangfald og ynskjer å vere ein inkluderande arbeidsplass som speglar befolkninga. Me har behov for medarbeidarar med ulike bakgrunnar, erfaringar, kompetansar og perspektiv for å løyse vårt samfunnsoppdrag. Me oppfordrar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Dersom det er kvalifiserte kandidatar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, vil me kalle inn minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. For at du skal bli vurdert som søkjar i desse gruppene (bli positivt særbehandla), må du oppfylle visse krav. Du kan lese meir om positiv særbehandling på arbeidsgivarportalen.
Søkjarlista er offentleg. Dersom du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast.
Om du treng teknisk hjelp til søknaden, ta kontakt med support hos Grade Jobbnorge.
- support@jobbnorge.no
- 75542220
Kontaktperson for stillingen
Marita Aarhus
Avdelingsdirektør
+4794159478
Om bedriften
Fra sjø til land. Fra det ytterste verdensrommet til dypeste havbunner. Vi i Kartverket vet at alt skjer et sted, og at geografisk informasjon og eiendomsinformasjon er viktige komponenter i utviklingen av bærekraftige samfunn og nye digitale, produkter og tjenester.
Våre ambisjoner på vegne av Norge er store. Vi er over 800 stolte kartverksansatte som hver dag står opp og bidrar til Norge skal bli ledende i bruken av geografisk informasjon. I 2024 ble vi tildelt den prestisjefylte "Bedre Stat"-prisen for vårt arbeid med å digitalisere samhandling ved eiendomshandel.
Vår jobb er å gjøre det enkelt å samle, bearbeide og dele stedfestet informasjon.Våre data spiller en nøkkelrolle i fremtidens bærekraftige samfunn og for å finne svare på fremtidens klimautfordringer. Vi er statens fagorgan for kart, geodata og eiendomsinformasjon. Vår oppgave er å bygge og vedlikeholde nasjonal geografisk infrastruktur for sjø og land, og samarbeide med kommuner, statlige organer og private aktører.
Vi har 13 kontorsteder fra sør til nord, samt et jordobservatorium på 79 grader nord. Kartverket ble etablert i 1773 og er den eldste tekniske etaten i Norge.
Vi trenger stadig flere på laget. Kanskje du blir en av oss?
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
538930c2-30f2-4acd-9e0b-a075a14f5662
- Sist endret
17. juni 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10300051