Hopp til innhold

100% stilling som pedagogisk leiar i Utne barnehage

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Utne barnehage

Sted

Fjordavegen 4171, 5778 Utne

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest torsdag 18. juni

Ullensvang kommune har ledig fast 100% stilling som pedagogisk leiar i Utne barnehage. Dersom det ikkje er kvalifiserte søkerar vil andre verte vurderte.


Utne barnehage ligg i sentrum av Utne, med eit rikt nærområde – ikkje berre fantastisk natur og turområder, men og gardar, fjorden, ferja- og båttrafikk, matbutikk, legekontor, museum, Utne hotell og kyrkja. Me er opptekne av at barna blir godt kjende med nærmiljøet sitt.

Utne barnehage har to avdelingar og er godkjent for 36 plassar. Raud avdeling er for barn frå 3-6 år og Blå avdeling med barn frå 10 månader – 3 år. Avdelingane har felles kjøken, der me lagar brød nesten kvar dag, havregraut til frukost kvar dag og varm fiskelunsj minst ein dag i veka.

 

Me ynskjer oss pedagogiske leierar som evnar å ta barnas perspektiv, og til å sjå og skapa gode relasjonar med alle barna. I Utne barnehage ser me på alle barn, føresette og kollegaer som betydningsfulle og viktige for fellesskapet. 

Du må ha evne til refleksjon, gjera vurdering og setja inn tiltak til det beste for barna. Me ynskjer oss ein pedagogiske leiar med gode samarbeidsevner, både med interne og eksterne aktørar. For å få til dette set me gode kommunikasjonsferdigheiter høgt. Me har jobba med at me skal både gje og få konstruktive tilbakemeldingar på ein god måte. Me har eit stort fokus på eit godt arbeidsmiljø, og me ser etter nokon med godt humør og positiv innstilling, nokon som er løysningsorientert, fleksibel og kreativ.

Som pedagogisk leiar vert det viktig å vera ein synleg og tydeleg leiar  Du er opptatt av kvalitet i barnehagen, og ynskjer å utvikle deg faglig. Du må ha evne til å vere med på å utvikle verdiane og læringsmiljøet i barnehagen. Som leiar må du har fokus på å inspirera og involvere medarbeiderar i arbeidet mot felles mål. Du må ha gode fremdrifts- og gjennomføringsevner, og stå trygt i utfordrande situasjonar - men søkje hjelp når du står fast. 

 

Arbeidsoppgåver 
  • Lede det pedagogiske arbeidet i tråd med aktuelt lovverk og styringsdokument. 

  • Planlegga, gjennomføra og evaluera det pedagogiske arbeidet saman med barna og andre tilsette på avdelinga.

  • Organisera og leia avdelinga i ei tydeleg retning for å sikra eit læringsmiljø av høg kvalitet for alle barna.

  • Være aktiv i arbeidet med å vidareutvikla barnehagen som ein lærande organisasjon og i leiarteamet til barnehagen.

  • Samarbeid med foreldre og andre instansar, som ppt og helsestasjon.

 

Kvalifikasjonar og krav
  • Barnehagelærarutdanning, eller tilsvarande jf. Barnehageloven §25

  • Søkjarar med utanlandske kvalifikasjonar, må vedleggja dokumentasjon på at dei oppfyller kravet om norskferdigheiter i tråd med Barnehagelovens §28.

  • Gyldig politiattest må leggast fram før tiltreding, jf. Løyve om barnehagar §30

  • Grunnleggjande ferdigheiter med bruk av digitale verktøy

 

Personlege eigenskaper:
  • Er fagleg engasjert og reflektert over eigen praksis.

  • Har fokus på barnets beste og det pedagogiske innhaldet.

  • Vera ein motiverande rettleiar for personalet på eigen avdeling.

  • Sjå kvart enkelt barns behov og leia ei gruppe barn.

  • Vurdera avdelingen sine samla ressursar; som medarbeidarens kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, barnehagens fysiske rammebetingelsar og barnegruppas forutsetningar

  • medverka til eit godt arbeidsmiljø

 

Me tilbyr
  • Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø

  • Lønn i hht tariffavtale

  • Gode pensjons- og forsikringsavtalar

  • Gode utdanningsstipend

  • Pedagogisk leiar tillegg på kr 36 000

  • Rekrutteringstilskot for dei som har godkjent barnehagelærarutdanning kr 30 000 etter eitt år og kr 30 000 etter to år

 

Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Lene Vie Nordeide

+47 92042630

lene.vie.nordeide@ullensvang.kommune.no

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

deefcec0-92f1-458d-8622-6880df1339fe

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3635025_193995_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser