Hopp til innhold

100% stilling som rektor ved Kinsarvik skule

Arbeidsgiver

Ullensvang kommune Oppvekst og utdanning

Sted

Opheimsgata 31, 5750 Odda

Om jobben

Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 23. juni

Kinsarvik skule


Kinsarvik skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule med 165 elevar frå 1.-10.trinn inneverande skuleår. Den ligg fint til sentralt i Kinsarvik med gode uteområde kring skulen. Elevane på ungdomstrinnet kjem frå austsida av Sørfjorden. På Kinsarvik skule er det elevar frå mange ulike land, så det er eit stort mangfald i elevflokken. Skuleleinga består av rektor og to avdelingsleiarar, i tillegg rådgjevar, ein leiar for SFO, merkantil, helsesjukepleiar og bibliotekar. Visjonen for skulen er Kinsarvik skule - ingen utanfor. Skulen sine kjerneverdiar er; kunnskap i fokus, positivt læringsmiljø, toleranse og respekt, godt samarbeid og god kommunikasjon. 


Stillinga er ledig frå 01.08.26.


Vår standard for rektorar;

Arbeidsoppgåver for rektor:
  • God verksemdsstyring: Sørge for effektiv drift av skulen.

  • Utfordra og støtta tilsette: Skapa eit trygt og godt arbeidsmiljø som gjer tilsette i stand til å utføra arbeidet sitt effektivt og med engasjement.

  • Leia og utvikla læringsfellesskapet: Skapa ein kultur for læring i eit inkluderande, trygt og godt skulemiljø.

  • Omdømebygging: Vidareutvikla skulen sitt gode omdøme.

  • Samarbeid med FAU og føresette: Byggja og vedlikehalde eit godt og tillitsfullt samarbeid med føresette

  • Planleggja og gjennomføra opplæring: Sikra variert og framtidsretta opplæring av høg kvalitet med god progresjon.

 

Samarbeid:
  • Bidra i leiarfellesskapet: Vere ein aktiv deltakar i leiarfellesskapet innan skule og kommunale satsingar.

  • Delta i lærarteam: Vere ein aktiv deltakar og bidragsyter i lærande fellesskap og lærarteam ved skulane.

 

Kvalifikasjonar for stillinga:
  • Utdanning og formell kompetanse for det aktuelle skuleslaget, og erfaring frå grunnskule er ønskjeleg.

  • Erfaring som leiar frå skule og opplæring.

  • Vidareutdanning i utdannings-/skuleleiing er eit pluss.

  • Erfaring med å leia endrings- og medverknadsprosessar.

  • Kunnskap om nytt læreplanverk og ny opplæringslov.

  • Kompetanse i varierte arbeidsmåtar og vurderingsformer.

  • God økonomiforståelse og erfaring med arbeid knytt til budsjett- og reknskap.

  • Gode digitale ferdigheiter.

  • Gode eigenskapar innan kommunikasjon både munnleg og skriftleg.


Personlege kvalifikasjonar vert vektlagt.

 

Personlege eigenskapar:
  • Positivt menneskesyn: Du ser det beste i andre menneske.

  • Klare tankar om den gode skulen: Du veit kva som gjer ein god skule og kan setja det ut i praksis.

  • Ambisiøs for elevane og skulen: Du har høge forventningar til elevane og skulen sin suksess.

  • Synleg og lyttande: Du er til stades og tek omsyn til andre.

  • Utviklingsorientert og målretta: Du jobbar for å forbetra og nå mål.

  • God leiarstil: Du byggjer gode relasjonar og kommuniserer tydeleg med elevar, foreldre og tilsette.

  • Verdi av lagånd, openheit og tillit: Du forstår betydninga av samarbeid og gjensidig respekt.

  • Byggjer gode læringssystem: Du er oppteken av å etablera gode læringsmiljø på alle nivå.

  • Bidreg til heilskapen: Du ser oppdraget ditt som ein del av å forbetra heile Ullensvangskolen og oppvekstsektoren.

 

Vi tilbyr:

Vi søkjer ein rektor som har høge ambisjonar for heile oppvekstsektoren. Denne stillinga gir deg utfordringar og spanande moglegheiter for utvikling.

 

  • Fagleg fellesskap: Støtte gjennom nettverksmøter for nye rektorar og deltaking i eit sterkt rektorkollegium.

  • Merkantil støtte: Tilgang til merkantil støtte som tek vare på personvern og GDPR.

  • Tverrfagleg team: Eit tverrfagleg team er tilgjengeleg for å hjelpa skulen med utfordringar og samordna tenester ved behov.

  • Ressursteam: Ressursteam som har som mål å bidra til tidleg innsats og tverrfagleg fokus hos born og unge. Dette teamet er knytt til fritida til elevane, med deltakarar frå ulike tenester internt i kommunen og politiet.

  • Leiarutvikling: Moglegheiter for leiarutvikling gjennom både formelle og uformelle aktivitetar.

 

Vilkår
  • Løn: Etter kommunen sin avlønningsmodell for leiarar.

  • Oppstart: Etter avtale.

 

Til søknaden skal relevante vitnemål og attestar leggjast ved.

Det er eit krav om godkjent politiattest for den som vert tilsett i stillinga.

Velkomen som søkjar hjå oss i Ullensvangskulen!



Sletting av utdanningsgjeld/studielån:

Ullensvang kommune er omfatta av ordninga.

Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.


Til orientering om Offentleglova:

Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.


Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:

Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Marit O. Langås

+47 97558636

marit.langaas@ullensvang.kommune.no

Om bedriften

- ein ny, livskraftig og attraktiv kommune i Hardanger. Ullensvang kommune er ein attraktiv stad å bu, arbeida og starta næringsverksemd! Vi kan tilby spennande og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein kommune som er i utvikling. Her finn du fjord, fjell, fonn, frukt, landbruk, havbruk og verdsleiande industri i ein og same kommune. Kommunen har omlag 10 967 innbyggjarar, der Odda er administrasjonssenter i kommunen omkransa av sterke bygder. Oppdraget vårt er å levera gode tenestar, vera ein god samfunnsutviklar og arbeide for vidare vekst og utvikling i kommunen. Gjennom motiverte og dyktige medarbeidarar løyser vi dette viktige samfunnsoppdraget, og ynskjer å ha fleire med på laget. Vi ønsker medarbeidarar med ulik bakgrunn, fagkombinasjonar, kompetanse, livserfaring og perspektiv. Det gir oss eit mangfaldig arbeidsmiljø som set oss betre i stand til å løysa oppgåvene. I Ullensvang kommune er vi opptekne av mangfald og inkludering, det er viktig for oss å ha ein arbeidsstyrke som representerer befolkninga. Vi oppmodar alle som er kvalifisert til å søkja, uavhengig av alder, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsevne, livssyn eller etnisk bakgrunn. Vi legg til rette arbeidsplassen ved behov. Tar du utfordringa ? Lenkjetekst Tilgjengelegheitserklæring for nettsidsa Lenkje https://uustatus.no/nn/erklaringer/publisert/bac52677-0999-4760-90dd-d3d03abdaf49

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

25bc651d-d001-4c51-87a2-83a176e7c7da

Sist endret

9. juni 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3636143_189347_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser