Hopp til innhold

Førstekonsulent 25% stilling

Arbeidsgiver

Hordaland friomsorgskontor

Sted

Allehelgens gate 2, 5016 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Førstekonsulent
Type ansettelse
Fast, deltid 25%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Om stillinga

Ledig 25% fast stilling knytt til arbeidsgruppa.

Hordaland friomsorgskontor har hovudkontor i Bergen og lokalkontor i Odda og på Stord, med til saman 40 tilsette. Arbeidet i kriminalomsorga er utfordrande, og me legg vekt på å ha eit godt fagleg og stimulerande arbeidsmiljø. Kriminalomsorgen region vest er eit etatsnivå lagt under Kriminalomsorgsdirektoratet med overordna ansvar for straffegjennomføring i fylka Vestland og Møre og Romsdal. Region vest med ca 500 tilsette har regionadministrasjon i Bergen. Region vest administrerer fem fengsel og tre friomsorgskontor, Lyderhorn overgangsbustad og NDsenteret i Bergen.

Arbeidsgruppa held til på Fløyfjellene og er i drift kvar torsdag.

Ein førstekonsulent skal utføre sjølvstendig saksbehandling og ha evne til setje seg inn i problemstillingar og bidra til å utvikle området.

Arbeidsoppgåver

  • byggja grindverk etter bestilling
  • berekning og innkjøp av materiale
  • logistikk og planlegging av drift og produksjon
  • ansvar for lager av arbeidsklede, verneutstyr og materiale
  • vedlikehold og service av utstyr
  • rettleiing av domfelte
  • kontakt med saksbehandlere og samarbeidspartnere

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.

Utdanning og erfaring

FørstekonsulentDu må ha
  • relevant høgskule- eller universitetsutdanning på bachelornivå
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • dokumentert erfaring frå bygging av grindverk
  • erfaring frå arbeid med menneske i sårbare situasjonar
  • sertifikat klasse B og hengjarlappen

Personlege eigenskapar

  • har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • har evne til å arbeida sjølvstendig og systematisk
  • fleksibilitet
  • grunnleggjande godt menneskesyn

Vi tilbyr

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Stillinga blir lønna som 1408 Førstekonsulent, 500 000 – 650 000. Det blir trekt 2% innskot til Statens pensjonskasse.

Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til Morten Cornell Jacobsen, friomsorgsleder, tlf 47314378.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.

Kontaktperson for stillingen

Morten Cornell Jacobsen

Friomsorgsleder

+4747314378

Om bedriften

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar strafflagde handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leve eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskolen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f8620cd7-ff10-44bc-a4f3-aba68fb2523a

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10282709

Lignende annonser

seniorrådgiver/rådgiver/inspektør

Arbeidsgiver

Kriminalomsorga region vest

Sted

Bergen