Hopp til innhold

Sommervikar - Lyderhorn overgangsbolig

Arbeidsgiver

Lyderhorn overgangsbolig

Sted

Gravdalsveien 240, 5165 Laksevåg

Om jobben

Stillingstittel
Sommervikar - Lyderhorn overgangsbolig
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 27. februar

Om stillingen

Lyderhorn overgangsbolig søkjer sommarvikarar og timevikarar til å jobba tilnærma 100% stilling i veke 25-32. Vi søkjer også tilkallingsvikarer for sporadisk teneste heile året.

Ein fengselsbetjent/miljøterapeut har ansvar for dei domfelte i deira kvardag. Betjenten/miljøterapeuten skal ha evne til tryggleikstenking, grensesetjing og konfliktløysing og i tillegg vere ein samtalepartnar, rollemodell og rettleiar for dei domfelte, og delta i målretta progresjonsarbeid med domfelte. Ein miljøterapeut skal ha evne til å drive miljøretta arbeid og motivere domfelte.

Vi søkjer:

  • ferdig utdanna fengselsbetjentar
  • ferdig utdanna miljøterapeutar og studentar innan relevante studieretningar
  • personar som ønskjer å arbeide i kriminalomsorga og vurderer å søkje fengselsskulen
  • studentar innan relevante fagområde

Er du ein engasjert, positiv og raus person som brenn for å gjera ein forskjell? Då ynskjer vi å høyre frå deg!


Arbeidsoppgaver

  • avdelingsteneste og dagleg oppfølging av domfelte
  • utføring av rutinemessige oppgåver
  • aktiv deltaking i utviklinga av fagleg arbeid og tryggleiksarbeid
  • motivere domfelte til positiv utvikling og meistring

Den som blir tilsett, må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde.


Utdanning og erfaring

Du må
  • oppfylle krava til opptak ved Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter, KRUS (fylt 20 år innan det året du søkjer, generell studiekompetanse eller tilsvarande innan oppstart, fysisk test - som må bestås). Meir om krava kan du lesa om her www.krus.no.
  • generell studiekompetanse
  • ha god munnleg og skriftleg norsk framstillingsevne
  • ha førarkort klasse B
  • må kunne delta på obligatorisk modulopplæring
Følgende er ynskjeleg
  • erfaring frå arbeid med menneske
  • student innen relevante fagområder (til dømes politi, jus eller sosialfag)

Personleg egnethet for yrket vert vektlagd og vurderte på bakgrunn av alle opplysningar som kjem fram i søknads- og opptaksprosessen, inkludert under intervju.

Opptak og opplæring

Alle som blir tilsette må delta på:

  • obligatorisk opplæring i fysisk maktbruk 
  • opplæring på avdeling og teoriopplæring. 

Opplæringa er løna.


Personlige egenskaper

  • gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • evne til tryggleikstenking og grensesetjing
  • evne til å rettleie og motivere menneske i ein vanskeleg situasjon

Vi kan tilby

  • meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag 
  • gode pensjons-, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse 
  • bedriftshelseteneste
  • parkering med lademoglegheiter mot betaling
Løn
  • Fengselsbetjent (0264): kr. 500.000 - 630.000 
  • Betjent (1078): kr. 405 000 - 474.000
    • (søkere m/ relevant kompetanse kan ved vurdering få høyere avlønning). 
  • Miljøterapeut (1201): kr. 525.000 - 670.000
  • Miljøterapeut (0808): kr. 474.000 – 550 000

Løn avheng av ansiennitet og kvalifikasjonar. 

Det blir gitt gode tillegg for kveld-, natt- og helgearbeid i samsvar med gjeldande tariffavtale.


Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunne bidra til ei enda betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du krysse av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lese meir om krava for å bli vurdert som søkjar i desse gruppene her. 

Det må ikkje vere noko å utsetje på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest før tilsetjing.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vere unnateke søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gjeve høve til å trekkje søknaden.

Den som blir tilsett, må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemte om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til fungerende fengselsleder Camilla Kvamsdal, tlf.: 55501025/99234573, e-post: camilla.kvamsdal@kriminalomsorg.no

Søknad og CV sendes elektronisk via linken "Søk stillingen" på denne sida. Fullstendige opplysningar om relevant utdanning og arbeidserfaring må fyllast inn i det elektroniske skjemaet. Vitnemål og attestar må følge søknaden. Vi ber om at du hentar vitnemål fra Vitnemålsportalen direkte i Jobbnorge når du søker stillinga.

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge


På innsiden av den norske utsiden

I filmen får du et innblikk i vår arbeidshverdag. Du får se hvordan vi jobber for en straff som endrer. 

Video: https://youtu.be/J_Mr1Ibf4uM

Kontaktperson for stillingen

Camilla Kvamsdal

Fungerende fengselsleder

+4799234573

camilla.kvamsdal@kriminalomsorg.no

Om bedriften

Kriminalomsorgens samfunnsoppdrag er å gjennomføre varetektsfengsling og straffereaksjoner på en måte som er betryggende for samfunnet og som motvirker straffbare handlinger. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velge å leve et kriminalitetsfritt liv. Vår visjon er «Straff som endrer» og våre verdier er: trygghet, åpenhet og nytenking som er førende for vår atferd og som organisasjon. Les mer om vår virksomhetsstrategi her. Kriminalomsorgen består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Kriminalomsorgens høyskole og utdanningssenter (KRUS) og fem regioner med cirka 60 lokale fengsler og friomsorgskontor.

Kriminalomsorgen region vest omfattar fem fengsel, tre friomsorgskontor, ein overgangsbustad og Senter for narkotikaprogram med domstolskontroll.

Region vest har ca. 500 tilsette i Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal. Regionadministrasjonen ligger i Bergen.

Lyderhorn overgangsbustad har plass til 18 bebuarar, både kvinner og menn. Straffedømde kan overførast frå fengsel med høgare eller lågare tryggingsnivå når ein del av straffa er gjennomført. Dei med særskilt behov for bu- og sosialtrening vert vurdert som eigna kandidater for eit opphald. Det er ca. 15 tilsette.

 

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

20dbeb2d-3987-48ba-af80-68c25d5a24b0

Sist endret

16. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10282510

Lignende annonser

seniorrådgiver/rådgiver/inspektør

Arbeidsgiver

Kriminalomsorga region vest

Sted

Bergen