Hopp til innhold

Fengselsbetjent / Miljøterapeut rusbehandlingsteamet

Arbeidsgiver

Bergen fengsel

Sted

Steinestøvegen 401, 5109 Hylkje

Om jobben

Stillingstittel
Fengselsbetjent / Miljøterapeut rusbehandlingsteamet
Type ansettelse
Prosjekt, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 8. mars

Prosjektstilling 2025-2027

Bergen fengsel søkjer no intill 2 engasjerte og motiverte fengselsbetjentar eller miljøterapeuter til det tverrfaglege rusbehandlingsprosjektet vårt frå 2025 til 2027. Dette er ei unik moglegheit for deg som ynskjer å bidra til meiningsfull endring – og som blir motivert av å arbeida tett med innsette som ynskjer seg eit liv utan rus og kriminalitet. Arbeidstid vert todelt turnus.

Eit godt fungerande rusmeistringstilbod er ofte nykkelen til ei vellykka rehabilitering. Som del av teamet vil du bruka kompetansen din til å støtta innsette i endringsprosessen deira og bidra til ein heilskapleg og fagleg forankra behandling og tilbakeføring. Saman med kollegaer frå ulike fagmiljø jobbar du for å sikra eit trygt, verdig og utviklande soningsmiljø – og ikkje minst: eit betre liv etter soning.

Me ser etter deg som ynskjer å:

  • Bidra til varige endringar for menneske i ein sårbar livssituasjon
  • Bruka fagkunnskapen og relasjonskompetansen din til å motivera og støtte
  • Vera ein viktig del av eit team med høgt engasjement og fagleg driv
Dette er ikkje berre ein jobb – det er ei moglegheit til å gjera ein forskjell.

👉Blei du nysgjerrig på korleis det er å jobbe hos oss? Klikk her for å sjå filmen og bli inspirert.


Arbeidsoppgåver

  • Teneste med daglege oppgåver knytt til innsette i det heilskaplege rusteamet.
  • Kartleggja ressursar og behov hos innsette.
  • Gjennomføra individuell oppfølging, progresjon, russamtalar, rettleingsamtaler og miljøarbeid med innsette
  • Sikre tverrfaglege samarbeid med andre eksterne partar i einingane og andre kriminalomsorgsfaglege tilbod.  
  • Delta i gruppesamlingar og drive program for innsette i målgruppa.
  • Delta på framstillingar og aktivitetar som er nødvendig for det heilskaplege rusbehandlingstilbodet

Den som blir tilsett må rekne med endringar i ansvars- og arbeidsområde


Utdanning og erfaring

Du må ha
  • Bestått fengselsbetjentutdanning frå Kriminalomsorgens høgskole og utdanningssenter
  • Eller sosialfaglig høgskule- eller universitetsutdanning, eller tilsvarande relevant utdanning fra høgskule eller universitet på bachelornivå
  • God norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førerkort klasse B
Det er ynskjeleg at du har
  • At søkjarane har kompetanse frå endringsarbeid innan rusbehandlingsfeltet
  • Det er ein fordel med tilleggsutdanning som er relevant for arbeid i rusbehandlingsteamet
  • Kunnskap og erfaring i bruk av IKT-system og verktøy

Personleg egnaheit

Vi legg særleg vekt på personleg egnaheit og ser etter deg som er:
  • Sjølvstendig, målretta og systematisk
  • Tålmodig, empatisk og ansvarsmedviten
  • Har gode samarbeidsevner og trivst i tverrfagleg samarbeid
  • I stand til å setja grenser på ein respektfull og varetakande måte
  • Interessert i motivasjonsarbeid, påverknadsarbeid og endringsarbeid
  • Nytenkende og fleksibel i arbeid med å finna gode tverrfaglege løysingar
  • Personlege eigenskapar i tråd med verdiane av etaten

Vi tilbyr

  • Meiningsfulle oppgåver i ein etat med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Gode pensjons, forsikrings- og låneordningar i Statens pensjonskasse
  • Bedriftshelseteneste, kantine, velferdslag, treningstilbod og gratis parkering

Stillingen blir lønna som 0264 fengselsbetjent, frå kr 500 000 - 630 000 brutto pr. år, eller som 1201 miljøterapeut, frå kr.525 000 - 670 000 brutto pr. år, avhengig av erfaring og kvalifikasjonar.


Generell informasjon

Kriminalomsorga meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me ønskjer oss medarbeidarar med ulik kompetanse, livserfaring og perspektiv for å kunna bidra til ei endå betre oppgåveløysing.  

Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.

Kjenner du deg igjen i ein av desse kategoriane, kan du kryssa av i jobbsøkjarportalen vår. Du kan lesa meir om krava for å bli vurdert som søkjer i desse gruppene her.

Me gjer merksame på at det må ikkje vera noko å utsetja på vandelen til den som blir tilsett. Dette må dokumenterast med ein uttømmande politiattest forut for tilsetjing.

Me gjer også merksame på at opplysningar om søkjarar kan bli offentleggjorde sjølv om søkjar har bede om å vera friteke frå søkjarlista. Søkjar vil i så fall bli varsla om dette og gitt høve til å trekkja søknaden.

Den som blir tilsett må rette seg etter organisasjonsmessige eller andre endringar som blir bestemde om arbeidsområdet.

Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til inspektør Målfrid Kallekleiv tlf. 55393666

For spørsmål om elektronisk utfylling av CV kan Jobbnorge kontaktast på 75 54 22 20.


Om bedriften

Kriminalomsorga sitt samfunnsoppdrag er å gjennomføra varetektsfengsling og straffereaksjonar på ein måte som er tillitvekkjande for samfunnet og som motverkar straffelaga handlingar. Målet vårt er at den domfelte etter soning skal velje å leva eit kriminalitetsfritt liv. Visjonen vår er «Straff som endrar» og verdiane våre er: tryggleik, openheit og nytenking som er førande for åtferda vår og som organisasjon.

Les meir om verksemdsstrategien vår her. Kriminalomsorga består av Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), Høgskulen og utdanningssenteret for kriminalomsorga KRUS og fem regionar med cirka 60 lokale fengsel og friomsorgskontor.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b5412c5b-c16e-4ea8-bd25-c8912115d016

Sist endret

18. februar 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10283129

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Bergen Akuttsenter. avd. Toppe, Bufetat

Sted

Mjølkeråen