Hopp til innhold

Miljøterapeut 100 %,1 års vikariat 

Arbeidsgiver

Bjørgvin ungdomssenter, Bufetat

Sted

Bønesstølen 13, 5154 Bønes

Om jobben

Stillingstittel
Miljøterapeut
Oppstart
1. april 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. mars

Vil du hjelpe ungdom til å få eit rusfritt liv?

Det er ein krevande jobb, den passar ikkje for alle. Er du fagleg utforskande, likar høg aktivitet og store variasjonar i arbeidskvardagen, kan dette være jobben for deg.

Bjørgvin ungdomssenter har to avdelingar som er lokalisert på Bønes i Bergen kommune.

Vi tilbyr rusbehandling for ungdom mellom 13 og 18 år etter behandlingsmetoden Læringsbasert rusbehandling (LBR). Vi arbeidar med ungdom med alvorlege åtferdsvanskar og vedvarande rusproblem, og målet vårt er å gje dei verktøya dei treng for å meistre kvardagen utan rus.

Hos oss står samarbeid og relasjonar i sentrum – både med ungdommen sjølv og det naturlege nettverket deira. Vi legg stor vekt på å involvera foreldre og andre viktige personar for å støtte ungdommen i endringsprosessen.

Behandlinga byggjer på læringsteoretiske prinsipp, kognitiv atferdsterapi og sosialøkologisk teori. Vårt arbeid handlar om å hjelpe ungdom til å utvikle ferdigheiter som gjer dei i stand til å handtere situasjonar som tidligare har ført til rusbruk.

Ved Bjørgvin ungdomssenter har vi ledig 1 års vikariat i 100 % stilling  som miljøterapeut, med moglegheit for forlenging. 

Det kan i tillegg bli ledig fleire faste stillingar eller vikariat ved avdelingane. Vikariata kan ha ulik storleik og varigheit, med moglegheit for forlenging. Søkjarar som er interessert i vikariat blir oppmoda om å opplyse om dette i søknaden. 

Stillinga er i 2-delt turnus (dagvaktar/kveldsvaktar med innslag av langvaktar), og arbeid kvar 4. helg. Vi har 2 vakne nattevaktar på kvar avdeling. Turnusendringar kan forekomme. 



Arbeidsoppgåver

  • Utøva målretta behandlingsarbeid etter metoden Læringsbasert rusbehandling.
  • Delta i utforming og oppfølging av individuelle behandlingsplanar.
  • Delta i behandlingsmøte/samtalar med ungdomen og eksterne samarbeidspartar.
  • Gjennomføre risikovurderingar og setje i verk nødvendige tiltak.
  • Ha kontakt med samarbeidspartar som barnevernteneste, føresette, sosialt nettverk, politi og helseinstansar
  • Sikre ungdomane si rettstryggleik gjennom god og presis dokumentasjon.
  • Vakt- og brannvernansvarleg, samt andre ansvarsområder som er tilknyttet avdelingen.
  • Delta i regelmessig rettleiing og konsultasjon.
  • Gi ungdomane tryggleik og omsorg gjennom å vere ein tydeleg og føreseieleg vaksenperson.
  • Rettleia og setja grenser på ein utviklingsstøttande måte.
  • Det er krav om at alle tilsette gjennomførar opplæring i tryggleik og sikkerheit på barnevernsinstitusjon, samt delta i regelmessig trening.
  • Delta i praktiske gjeremål i kvardagen.
  • Samarbeide på tvers av avdelingane ved behov.

Kvalifikasjonar

Krav til stillingane:

  • Du har fullført høgskoleutdanning med minimum 180 studiepoeng som barnevernspedagog, sosionom eller vernepleiar.
  • Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som sjukepleie, pedagogikk eller psykologi, fortrinnsvis med 60 stp relevant vidareutdanning, kan og vurderast. 
  • Ved eventuelle vikariat i deltidsstillingar, kan kandidatar med relevant erfaring, utan 3-årig bachelorgrad, og vurderast.
  • Kjennskap til det teoretiske grunnlaget til behandlingsmetoden (læringsteori og kognitiv åtferdsterapi).
  • Førarkort klasse B er naudsynt.
  • God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk er eit krav.
  • God fysisk og psykisk helse. 

Ønskjeleg erfaring og kompetanse:

  • Kjennskap til Barnevernslova.
  • Kjennskap til traumebevisst omsorg.
  • Rettleiingskompetanse.
  • Institusjonserfaring iht. målgruppe og frå barnevern eller psykiatri.
  • Erfaring fra arbeid med ungdom med atferdsutfordringer og/eller rusproblematikk.

Bjørgvin ungdomssenter tilstrebar lik kjønnsbalanse mellom kvinner og menn - dette med bakgrunn i eit balansert arbeidsmiljø, og gitte føringar i Barnevernslova. Dette kan vere avgjerande ved val av kandidatar til intervju. 

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som

  • Er engasjert og har et genuint ønske om å hjelpe ungdom i en krevande livssituasjon.
  • Motiverast av ansvar, arbeidar sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdomane og deira behov.
  • Er fleksibel og samarbeidsvillig, samtidig som du kan jobbe sjølvstendig.
  • Er strukturert og løysningsorientert, med evne til å jobbe metodisk og målretta over tid.
  • Er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
  • Har toleranse for arbeidspress i ein hektisk kvardag.
  • Framstår som trygg i møte med ungdomane.
  • Evner å byggje tillit og skape gode relasjonar.
  • Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevnar.
  • Er løysingsfokusert og er metodelojal.
  • Er punktleg.
  • Tåler å stå i utfordrande situasjonar og håndtere konfliktar på ein rolig og profesjonell måte.
  • Er reflektert og åpen for fagleg utvikling og veiledning.

    Personlege eigenskapar vil tilleggjast stor vekt.

    Vi tilbyr

    • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1508 vernepleiar eller 1489 miljøterapeut, p.t. kr 490 000 – 615 000 pr. år. 
    • Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng, kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t kr 540 000 – 670 000 pr. år. 
    • Ved godkjenning som klinikar, kan det tilsetjast i stillingskode 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 540 000 – 670 000 pr. år. 
    • Ved vikariat kan det tilsetjast i stillingskode 1486 miljøarbeider, p.t. kr 420 000 – 520 000 pr. år, stillingskode 1203 fagarbeidar, p.t. kr 434 500 – 540 000  pr. år eller  stillingskode 1488 miljøterapeut, p.t. kr 460 000 – 560 000 pr. år. 
    • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, med moglegheit for tilbod om boliglån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
    • Sosiale tiltak saman med gode kollegaer.
    • Godt fagleg miljø med gode støttespelarar i arbeidskvardagen.
    • Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod.

    Opplysningar til deg som søker
    • Inkludering og mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Derfor ønsker vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søker til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjarar, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
    • Stillinga er for tida lagt til Bjørgvin ungdomssenter.
    • Politiattest må framleggast ved eventuell tilsetting, jf lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
    • Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkerlista. Dette må i så fall begrunnast. Vi kontakter deg dersom ønsket ditt ikkje takast til følge.

    Søknad med CV skal sendast elektronisk via lenke på denne sida.

    For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.Ber også om at du legger inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no.

    Kontaktinformasjon

    Anita Kristensen, Avdelingsleiar, 46619194, anita.kristensen@bufetat.no
    Jeanette Grindeland, Einingsleiar, 46617627, jeanette.grindeland@bufetat.no

    Arbeidssted

    Bønesstølen 13
    5154 Bønes

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Bufetat

    Referansenr.: 5080666280
    Stillingsprosent: 100%
    Vikar
    Startdato: 01.04.2026
    Sluttdato: 31.03.2027
    Søknadsfrist: 16.03.2026

    Kontaktpersoner for stillingen

    Jeanette Grindeland

    Einingsleiar

    46617627

    jeanette.grindeland@bufetat.no

    Anita Kristensen

    Avdelingsleiar

    46619194

    anita.kristensen@bufetat.no

    Om bedriften

    Barne-, ungdoms- og familieetatens fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterar til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

    Bufetat region vest femnar om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    9c31f892-0c5e-4d1d-886f-095a22f29c06

    Sist endret

    16. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    352303e4fad3472f93f2ba0e90b9409e

    Lignende annonser

    Arbeidsgiver

    Bergen Akuttsenter. avd. Toppe, Bufetat

    Sted

    Mjølkeråen