Saman skapar me framtidas medisinske sengepost - bli med i leiinga frå start
Medisinsk avdeling, Stord Sjukehus
Tysevegen 64, 5416 Stord
Om jobben
- Oppstart
- 1. september 2026
- Stillingstittel
- Funksjonsleiar pleie
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 2
Vil du leie ein spennande sengepost og bidra til kvalitet, utvikling og gode pasientforløp?
Me er på jakt etter to funksjonsleiarar som saman skal utvikle og forme vår nye sengepost i Medisinsk avdeling. Funksjonsleiarane vil vere likestilte, ha personalansvar for halve personalgruppa kvar, og samarbeide tett i kvardagen.
Me skal slå saman to medisinske sengepostar: Gastro slag generell (Medisin 3) og Lunge, hjerte sengepost (Medisin 4). Å samle 90 sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og assistentar til ein felles sengepost vil bidra til auka fleksibilitet og du får vere med på å byggja eit nytt, større og godt fagmiljø.
Kva går jobben ut på?
- Fag-, økonomi- og personalansvar, herunder å:
- planleggja turnus og ressursbruk
- følgja opp sjukefråvær
- rekruttering
- bidra til eit trygt og utviklande arbeidsmiljø
- Sikre kvalitet og kompetanseutvikling i tett samarbeid med fagsjukepleiarar, avdelingsleiar, legar og andre avdelingar.
- Ansvar for pasientlogistikk og drift av eininga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Ønskeleg med leiarerfaring frå spesialisthelsetenesta.
- Ønskeleg med leiarutdanning, men ikkje eit krav
- Handtering av digitale verktøy i det daglege.
- Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar.
Kva ser me etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- er lyttande, tilgjengeleg og oppteken av medarbeidarane dine
- får fram det beste i kvar enkelt og byggjer gode team
- står stødig i krevjande situasjonar og arbeider målretta
- er positiv, lojal og konstruktuiv i endringsprosessar
- trivst i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- bidreg til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø og er klar for nye utfordringer
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Kvifor skal du velje oss?
- Moglegheit til å vere med og forme ein ny sengepost.
- Høgt fagleg nivå og kollegaer som deler kunnskap.
- Jobb i eit inkluderande og støttande arbeidsmiljø.
- Moglegheit for deltaking i internt leiarutviklingsprogram (LUP).
Kontaktinformasjon
Kristine Aasheim Imsland, Avdelingsleder, +47 90695531Arbeidsstad
Tysevegen 645416 STORD
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 5132398585
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 05.06.2026
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
f6110806-78d2-49c5-ae29-74bf802a984d
- Sist endret
6. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c93eea7e8fe943859558f220d53c19ab