Hopp til innhold

Funksjonsleiarstilling Døgn

Arbeidsgiver

Folgefonn DPS, Valen

Sted

Sjukehusvegen 13, 5451 Valen

Om jobben

Oppstart
1. november 2026
Stillingstittel
Funksjonsleiarstilling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 28. juni

Vil du vere med og forme framtida innan psykisk helsevern?
Hos oss vil du bli ein del av eit levande og tverrfagleg behandlingsmiljø, der vi saman jobbar for å tilby eit breitt spekter av behandlingstilbod. Folgefonn DPS har lokasjonar på Valen og i Odda, og vi gir eit bredt behandlingstilbod innan rusbehandling (TSB) i poliklinikk og døgn, allmennpsykiatriske poliklinikkar, gruppepoliklinikk, FACT samt ulike døgnbehandlingstilbod innan psykisk helsevern. Vi har eit godt og breitt tverrfagleg behandlingsmiljø med 4 overlegar i psykiatri, psykologspesialistar, 2 LIS legar/ ALIS og psykologar under spesialisering, samt høgskuleutdanna med vidareutdanning.

Folgefonn DPS sitt opptaksområde er kommunane kvinnherad og Ullensvang. Befolkningsgrunnlaget er omlag 20 000 vaksne innbyggjarar.

Ein spennande periode for utvikling
Vi er inne i ei spennande tid der vi vidareutviklar behandlingstilboda våre, både poliklinisk og innan døgnbehandling. No har vi ei ledig stilling på døgnavdelinga – ein unik sjanse til å bli ein del av ei fagleg satsing og bidra til fagutviklinga.

Er dette noko for deg? Vi ser fram til å bli kjent med deg.

Intervju kan bli gjennomført fortløpande i utlysningsperioden.
Velkomen til Folgefonn DPS – der fag, utvikling og engasjement møtest!


Kva går jobben ut på?

  • Overordna drifts- og sjukepleiefaglege ansvar for eininga.
  • Du skal sikre at den daglege drifta skjer i samsvar med lover, forskrifter og interne retningslinjer.
  • Realisere eininga sine oppgåver i tråd med avdelinga sitt mål og klinikken sin strategi.
  • Bidra til at eininga har systematisk utvikling av tenestene og høg fagleg standard.
  • Bidra til godt samarbeid internt og med eksterne samararbeidspartar.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning innan psykisk helsearbeid
  • Ønskeleg med leiarutdanning
  • Ønskeleg med erfaring fra leiing
  • Ønskeleg med erfaring med bemanningsplanlegging og budsjettstyring
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar

Kva vi ser etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du

  • forstår samanhengar og har blikk for både detaljar og heilskap
  • kommuniserer tydeleg og samarbeider godt med ulike faggrupper 
  • inkluderer dei rundt deg og skaper retning og tryggleik i leiarrolla 
  • jobbar strukturet og følgjer opp det du har sett i gang
  • har god kapasitet og klarer å stå i eit høgt tempo når det krevst 
  • er lojal i høve til avgjerdsler og retningslinjer

Kvifor skal du velje oss?

  • Du får bidra til tryggleik og behandling for menneske som treng deg.-
  • Hos oss blir du ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og tett samarbeid.-
  • Vi legg godt til rette for fagleg utvikling – med opplæring, rettleiing og internundervisning som del av
    kvardagen.

Kontaktinformasjon

Tove Ødegaard, Funksjonsleder, 95173834
Maren Elise Skogseth, Avdelingsleder, 95187657, maren.skogseth@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 13
5451 Valen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5125015863
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.11.2026
Søknadsfrist: 28.06.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Maren Elise Skogseth

Avdelingsleder

95187657

maren.skogseth@helse-fonna.no

Tove Ødegaard

Funksjonsleder

95173834

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

65a155f6-5e6a-44bc-9e15-766acc13f0f9

Sist endret

29. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

b951778b3cb24d7194232e4dbf51c411

Lignende annonser

Laster lignende annonser