Hopp til innhold

Oppvekst søkjer

Arbeidsgiver

Sauda kommune Oppvekst

Sted

Rådhusgata 32, 4200 Sauda

Om jobben

Stillingstittel
Barne - og ungdomsarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 9. mars

Som ledd i ei målretta satsing på heiltidskultur for tilsette i SFO har vi no gleda av å lyse ut faste heiltidsstillingar. Stillingane kan ha arbeidsstad i skule og/eller barnehage, anten samla på ein stad eller fordelt mellom to arbeidsstader. Dette gir ein variert og spennande arbeidskvardag med breidde i erfaring og oppgåver.Det kan bli fleire ledige stillingar av same type i løpet av tilsettingsprosessen.Brenn du for å skape gode kvardagar for barn og ønskjer å vere med på å utvikle eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø? Då håpar vi du søkjer hos oss. Vi har stillingsbehov både frå no og frå 01.08.2026. Hos oss møter du eit varmt, fagleg sterkt og samarbeidande kollegafellesskap som arbeider for at både barn og tilsette skal trivast, utvikle seg og lukkast.

Arbeids- og ansvarsområde

  • Skape og støtte eit trygt, inkluderandre og utviklande miljø for barn og unge
  • Følgje opp elevar i skulekvardagen, både fagleg og sosialt
  • Planleggje og gjennomføre aktivitetar i SFO
  • Samarbeid med kollegaer i skule og SFO
  • Bidra til gode rutinar, struktur og kvalitet i det daglege arbeidet
  • Arbeidsdagen kan og innebere 2-3 timar dagleg i ein av barnehagane, der du nyttar kjøkkenarbeidet som pedagogisk arena og legg til rette for læring, meistring og meiningsfullt samspel med ei mindre gruppe barn

Krav til kompetanse

  • Fagbrev innan barne- og ungdomsarbeidarfaget er ønskjeleg 
  • Søkjarar med andre relevante fagbrev vil og bli vurdert
  • Relevant og dokumentert erfaring kan kompensere for manglande fagbrev, arbeidsgivar kan leggje til rette for gjennomføring av fagbrev
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode norskferdigheiter, munnleg og skriftleg

Me søkjer etter personar som

  • er trygg, tydeleg og varm i møte med barn
  • har gode samarbeidsevner og bidreg positivt i arbeidsmiljøet
  • er fleksibel, løysningsorientert og strukturert
  • byggjer gode relasjonar og skapar ein føreseieleg kvardag
  • er engasjert og initiativrik

Personleg eignethet vil bli vektlagt.

Me kan tilby

  • Ein meningsfull stilling der du gjer ein skilnad i kvardagen til barn og unge
  • Eit inkluderandre og fagleg sterkt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver og moglegheit for kompetanseutvikling
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Informasjon om sletting av utdanningsgjeld/studielån

Sauda kommune er omfatta av ordninga som inneber sletting av studielån/utdanningsgjeld. Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSB sitt sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vere busett i ein av desse kommunane, og vere yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld alle typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teke opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vere kvalifisert til å få sletta gjelda.


Tilsettingvilkår

Tilsetjinga skjer på dei vilkåra og med dei pliktene som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetjing vil vi krevje godkjent politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Vi oppmodar difor menn om å søkje stillinga.

Søknad sendast

Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Vi ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du har behov for hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelinga på e‑post til lonn@sauda.kommune.no.

Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjorde sjølv om søkjaren ber om å ikkje bli ført opp på den offentlege søkjarlista. Dersom du oppgjev grunn for å bli unnateken frå offentleg innsyn i søknaden din, og anmodninga ikkje blir teken til følgje, vil søkjaren bli informert, jf. offentleglova § 25.



Velkommen som søkjar!


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Hilde Åbø Eeg

+47 91359978

hildeabo.eeg@sauda.kommune.no

Om bedriften

Sauda kommune ligg i vakre Ryfylke og har ca 4600 innbyggarar. Historisk er Sauda mest kjend som ein vasskraft- og industrikommune, men me har nå eit variert og innhaldsrikt næringsliv. Sauda er ein kompakt småby med nærleik til "alt". Me har jobbmogligheiter, tomter, servicefunksjonar, gode skular, rikeleg med barnehageplassar og er omgjeven av fantastisk natur.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f4bcc70f-1bd4-4a8a-8579-098b6b018b38

Sist endret

17. februar 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3596297_199881_nn

Lignende annonser