Austarheim skule har ledig vikariat for skuleåret 2026/2027
Sauda kommune Austarheim skule
Rådhusgata 32, 4200 Sauda
Om jobben
- Stillingstittel
- Lærar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest mandag 8. juni
Austarheim skule er ein barneskule med om lag 140 elevar. Skulen har eit positivt og støttande arbeidsmiljø der samarbeid, relasjonsbygging og fagleg utvikling står sentralt. Vi arbeider for at alle elevar skal oppleve meistring og tilhøyrsle i ein trygg kvardag.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning, planlegging og vurdering i samsvar med gjeldande læreplanverk
- Skape eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø
- Samarbeid med kolleger, leiing og føresette
- Aktiv deltaking i utviklingsarbeidet ved skulen
Kvalifikasjonar
- Godkjend lærarutdanning for grunnskulen
- Erfaring frå undervisning i barneskule er ønskjeleg
- Gode digitale ferdigheiter
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
Me søkjer etter deg som
- Er ein tydeleg og trygg klasseleiar
- Har gode relasjonelle ferdigheiter
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Bidreg positivt til fellesskapet og arbeidsmiljøet
Personlige dugleikar vil bli vektlagt.
Me kan tilby
- Ein spanande og variert jobb i gode profesjonelle læringsfellesskap
- Pensjonsordning i SPK
- Gode forsikringsordningar
Tilsettingsvilkår
Tilsettinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale for Sauda kommune. Ved tilsetting vil me krevje godkjend politiattest. Sauda kommune ønskjer å bidra aktivt til likestilling mellom kjønna. Me oppfordrar difor menn å søkje stillinga.
Søknad sendes
Sauda kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Me ber difor alle om å søkje via vårt elektroniske søknadssystem. Dersom du treng hjelp med registrering av søknad, ta kontakt med lønns- og personalavdelingen på mail til lonn@sauda.kommune.no.
Vi gjør oppmerksom på at opplysninger om søkeren kan bli offentliggjort selv om søkeren ber om å ikke bli oppført på den offentlige søkerlista. Dersom du oppgir begrunnelse om å unntas fra offentligheten i din søknad, og anmodningen ikke tas til følge, vil søker bli informert, jf. offentlighetslovens §25.
Velkommen som søkjar!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
acafca73-7df5-432d-ae4b-b76ecdc9932a
- Sist endret
26. mai 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3630845_200789_nn