Hopp til innhold

Kulturkonsulent

Arbeidsgiver

Oppvekst, kultur og fritid, Bremanger kommune

Sted

Granden 4, 6723 Svelgen

Om jobben

Oppstart
1. august 2026
Stillingstittel
Kulturkonsulent
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 14. juni

Vil du vere med å skape gode oppvekstvilkår for barn og unge?
Vi søkjer ein engasjert og utviklingsorientert kulturkonsulent for barn og unge i Bremanger kommune.
Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å bidra til eit inkluderande og aktivt kultur- og fritidstilbod for barn og unge i lokalsamfunnet.

Dette er eit vikariat f.o.m. 01.08.26 t.o.m. 31.12.26 med høve til forlenging.


Arbeidsoppgåver

Om stillinga
Som kulturkonsulent får du ei sentral rolle i arbeidet med å utvikle og koordinere kultur- og fritidstilbod for barn og ungdom i samarbeid med fagleiargruppa i kultur og fritid. Stillinga ligg til oppvekst, kultur og fritid, og inneber tett samarbeid med skular, frivillige lag og organisasjonar, tilsette i kommunen og andre samarbeidspartar.

Arbeidsoppgåver
  • Planleggje, utvikle og drifte fritidsklubbar for barn og ungdom
  • Koordinere og følgje opp Den kulturelle skulesekken (DKS)
  • Vidareutvikle og organisere tiltak innan Open skule
  • Ansvar for BUA – utlån av utstyr til fritidsaktivitetar
  • Initiere og gjennomføre arrangement, aktivitetar og prosjekt
  • Samarbeide med frivillige lag, kulturliv og ungdom sjølve
  • Bidra til medverknad og inkludering av barn og unge
  • Administrative oppgåver knytt til planlegging, rapportering og økonomi

Kvelds- og helgearbeid må påreknast

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning innan kultur, pedagogikk eller tilsvarande. Andre kan også søkje.
  • Erfaring frå arbeid med barn og unge er ein fordel
  • Erfaring frå prosjektarbeid og koordinering
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk
  • Digital kompetanse

Gyldig politiattest må leggjast fram før tilsetjing

Personlege eigenskapar

  • Engasjert og initiativrik
  • Gode samarbeidsevner og relasjonskompetanse
  • Strukturert og sjølvstendig
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Evne til å motivere og skape engasjement hos barn og unge

Vi tilbyr

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

  • Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
  • Gratis barnehage
  • Gratis 12 timar SFO i veka for elevar i 1.–3. klasse
  • Fritidskortet som sikrar minst eit gratis fritidsstilbod i året for barn og unge mellom 6 og 18 år.
  • Rekrutteringstilskot til nytilsette som er/blir folkeregistrert i Bremanger kommune; årleg tilskot på kr. 30 000,- i inntil fem år (totalt kr. 150 000 kroner)
  • Bustadtilskot på 200 000 kroner til førstegangsetablerarar under 50 år. 

Les meir om ordningane på https://bremanger.kommune.no/rekrutteringstiltak/    

I tillegg får du:

  • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
  • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
  • Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
  • Senioravtale for tilsette over 62 år

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!   

Kontaktinformasjon

Norvall Klungresæter, Driftssjef kultur og fritid, +47 91658547

Arbeidsstad

Granden 4
6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5137518150
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 14.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Norvall Klungresæter

Driftssjef kultur og fritid

+47 91658547

Om bedriften

Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f4839a76-5e78-468d-b172-17d683bf0871

Sist endret

29. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6eec7b0eb45d410d94892bc94e44583c

Lignende annonser

Laster lignende annonser