Hopp til innhold

Offentleg godkjent sjukepleiar

Arbeidsgiver

Svelgen omsorgssenter, Bremanger kommune

Sted

Granden 1, 6723 Svelgen

Om jobben

Stillingstittel
Offentleg godkjent sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 17. juni

 

Er du sjukepleiar som ønskjer eit spennande vikariat der du får bruke fagkunnskap og medmenneskelegheit til å skape tryggleik, trivsel og meistring for andre? Då ønskjer vi deg velkomen til Svelgen Omsorgssenter! Vi har frå august 2026 ledig to vikariat i 100% stilling som sjukepleiar i eitt år. 

Svelgen Omsorgssenter er moderne, lyst og heimekjent – ein plass der pasientane bur trygt og godt. Som vikar hos oss får du ein tilrettelagd og inkluderande arbeidsplass, der fagmiljøet deler kunnskap, støttar kvarandre og gir deg ein trygg start.

Vi har 48 bueiningar fordelt på fem avdelingar, organisert etter diagnosar og ulike hjelpebehov, inkludert eige lindrande rom. Sjukepleiarane våre deltek òg i eit spennande legevaktsatellitt-tilbod, noko som gir deg brei erfaring på kort tid.

Vi arbeider i årsturnus, og du får påverke eigen arbeids- og fritid. Vikariatet passar godt for deg som ønskjer fagleg utvikling, variasjon og ein arbeidsplass som tek deg godt imot.

 


Arbeidsoppgåver

Dette blir ein variert og lærerik kvardag, med moglegheit til fagleg fordjuping i fleire ressursgrupper, mellom anna: rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.
Du vil mellom anna:

  • Utføre sjukepleiefaglege oppgåver hos pasientane
  • Følgje opp ei brei pasientgruppe med ulike behov
  • Gi heilskapleg omsorg for eldre menneske
  • Vurdere og ivareta individuelle behov
  • Delta i ressursgrupper og fagutvikling
  • Dokumentere, rettleie og undervise

Kvalifikasjonar (overskrift)

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå akuttmedisin er ein fordel
  • Trivst med teamarbeid og samarbeid på tvers
  • Omstillingsdyktig og løysingsorientert
  • Politiattest av nyare dato
  • God norskframstilling, både skriftleg og munnleg

Vi ser etter ein medarbeidar som er:

  • Motiverte, engasjert og nysgjerrig
  • Sjølvstendig, men glad i samarbeid
  • Trygg i møte med menneske, og god til å skape ro og tillit
  • Villig til å bruke faget sitt breitt for å gi pasientane best mogleg omsorg
  • Du møter menneske med ulike sjukdomsbilde og behov, og du må kunne sette deg inn i situasjonane deira med fagleg tyngde – samtidig som du har eit varmt, medmenneskeleg blikk.

Serviceinnstilling og personleg eignaheit vert lagt stor vekt på. Her får du ikkje berre ein jobb – men ein kvardag der du verkeleg kan utgjere ein forskjell 

Bremanger kommune har fleire gode ordningar for deg som ønskjer å busette deg her:

I tillegg får du:

  • Eit godt arbeidsmiljø med humor, samhald og høg fagleg kvalitet
  • Gode forsikringsordningar i arbeid og fritid
  • Rekrutteringstilskot til sjukepleiar med kr. 30 000 per år inntil 10 års ansiennitet.
  • Gode pensjons- og låneordningar gjennom KLP, Kommunal Landspensjon.
  • Arbeidsgjevar dekker arbeidsklede etter lokal avtale
  • Senioravtale for tilsette over 62 år

Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegear!    

 

Kontaktinformasjon

Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310

Arbeidsstad

Granden 1
6723 Svelgen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bremanger kommune

Referansenr.: 5139949034
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Hilde Gretha Hauge

Driftssjef open omsorg indre

+47 95989310

Om bedriften

Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7b80a686-1e89-44ba-9b63-69d1eb080cfe

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

03a7a5631cc447019c8af55dd8f03f7f

Lignende annonser

Laster lignende annonser