Hopp til innhold

Hei sjukepleiar! Vil du jobbe ved medisinsk sengepost i Nordfjord?

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost Nordfjord, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 14, 6770 Nordfjordeid

Om jobben

Oppstart
6. juli 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest søndag 9. august

Vi søkjer deg som er sjukepleiar, enten du er nyutdanna eller har erfaring, og som ønskjer ein variert arbeidskvardag hos oss. 

Vi har ledig:

  • 2 x 100 % vikariat fra 17.08.2026-16.08.2027
  • 1 x   50 % vikariat  fra 17.08.2026-16.08.2027

Stillingane inngår i tredelt turnus. Oppgi i søknaden kva stilling(ar) du ønskjer å bli vurdert for.

Hos oss får du ein variert kvardag der du lærer prosedyrar, opparbeider deg brei kunnskap innan indremedisin og jobbar tett med andre faggrupper. Vi legg vekt på fagleg utvikling, jamnleg simulering og undervisning, og har fokus på eit godt arbeidsmiljø.  

Medisinsk sengepost er ei spennande heildøgnseining med 16 senger, inkludert tre observasjonssenger for pasientar som treng kontinuerlig observasjon. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord med indremedisinsk akuttfunksjon. Her behandlar vi dei fleste indremedisinske diagnosane, inkludert palliasjon og stabilisering av akutte pasientar som skal til eit høgare omsorgsnivå.

Nordfjord sjukehus og lokalmiljøet
Nordfjord sjukehus ligg sentralt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde.

Nordfjordeid har gode tilbod innan barnehage og skule, samt eit aktivt kultur- og fritidstilbod. Området byr på flotte moglegheiter for friluftsliv, med kort veg til både fjord og fjell. Det er også kort avstand til flyplass.


Slik kan ein arbeidsdag hos oss sjå ut:

  • Du tek imot, observerer og følgjer opp innlagde pasientar
  • Du arbeider tverrfagleg og samarbeider med kommunane om pasientoppfølging
  • Du gir opplæring og rettleiing til studentar og nytilsette
  • Du dokumenterer i elektronisk pasientjournal (DIPS Arena og Meona)
  • Du deltek på undervisning og simuleringstrening

For å jobbe med oss:

  • Har du norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Beherskar godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Erfaring med bruk av DIPS Arena og Meona er ein fordel
  • Har gode samarbeidsevner og evne til å jobbe tverrfaglig

Vi ser etter deg som:

  • Er oppteken av god pasientbehandling, og tek ansvar i arbeidet 
  • Gjer faglege vurderingar, og spør om råd når du er i tvil 
  • Bidreg positivt til arbeidsmiljøet 
  • Er nysgjerrig og ønsker fagleg utvikling 
  • Trivst i ein til tider travel kvardag 

Vi er opptatt av at du skal trivast, hos oss får du:

  • Opplæring tilpassa dine behov
  •  Fagleg og personleg utvikling, mellom anna gjennom undervisning og simulering 
  •  Vere del av eit inkluderande arbeidsmiljø der vi tek vare på kvarandre 
  •  Bidra til pasienttryggleik
  •  Lønn etter gjeldande overeinskomst, og gode pensjons- og forsikringsordningar 
Høyrest dette ut som noke for deg? Då vil vi gjerne høyre frå deg!

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Maria Charlotta Berg Langvik, Seksjonsleiar, (+47) 416 48 264

Arbeidssted

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Førde

Referansenr.: 5145094964
Stillingsprosent: 100, 50%
Vikariat
Startdato: 06.07.2026
Sluttdato: 16.08.2027
Søknadsfrist: 09.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Maria Charlotta Berg Langvik

Seksjonsleiar

(+47) 416 48 264

Om bedriften

Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

7247fd3f-7e06-47e8-aba0-173c4da90886

Sist endret

19. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

0ad0965d457345788f1c70b9802a6476

Lignende annonser

Laster lignende annonser