Hopp til innhold

Avdelingsleiar ved bufellesskap for menneske med nedsett funksjonsevne og ambulant team 

Arbeidsgiver

eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune

Sted

Valderhaug 4, 6050 Valderøya

Om jobben

Stillingstittel
Avdelingsleiar ved bufellesskap for menneske med nedsett funksjonsevne og ambulant team
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 7. april

Er du klar for ny jobb med nye og meningsfulle utfordringer?

Frå 01.07.2026 har vi ledig fast 100 % stilling som avdelingsleiar ved bufellesskap for menneske med funksjonsnedsettingar og eit ambulant team som gir tenester til personar med ulike hjelpebehov.

Som avdelingsleiar blir du ein viktig del av eit framoverlent og utviklingsorientert leiarteam der humor, arbeidsglede og godt samarbeid står sentralt. Vi er opptatt av å spele kvarandre gode, tenkje nytt og jobbe saman for å skape ein best mogeleg kvardag for både brukarane våre og dei tilsette. Her får du ein spennande jobb der du både leier, utvikler og er med på å forme gode framtidsretta tenester – i eit miljø som heier på deg og verdsetter innsatsen din.

I tillegg til formell utdanning og praksis vil det bli lagt vekt på personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga.

Det er krav om politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast som vedlegg til søknaden.

 


Arbeidsoppgåver

  • Dagleg drift av bufellesskapet inkludert oppfølging av økonomiske rammer
  • Fagleg og administrativt ansvar, inkludert personalansvar
  • Fagleg rettleiing
  • Sakshandsaming og oppfølging av tvangsvedtak
  • HMT, legge til rette for godt arbeidsmiljø
  • Samhandling med brukarar og pårørande
  • Samhandling mellom tenester og andre instansar
  • Utviklingsarbeid og prosjektarbeid

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgskule-/universitetsutdanning og gjerne med vidareutdanning i leiing.
  • Leiarerfaring.
  • God kjennskap til lovverk og føringer innan helse- og omsorgstjenester, særlig knytt til
    hol. kapittel 9, lov om kommunale helse- og omsorgstjenester.
  • Erfaring fra arbeid innan rus/psykiatri eller bufellesskap.
  • Kunnskap om asperger og autismespekterlidelser.
  • Erfaring med målrettet miljøarbeid og tenester til personer med funksjonsnedsettingar.
  • God digital kompetanse og trygg på bruk av fagsystemer.
  • God norsk skriftlige og munnleg framstillingsevne.
  • Erfaring frå endrings- og forbetringsarbeid.
  • Kjennskap til turnusplanlegging.
  • Den som blir tilsett må ha sertifikat for bil  og kunne disponere eigen bil i tenesta.

Personlege eigenskapar

  • Gode inkluderande leiareigenskapar og evne til å skape gode relasjonar og oppnå tillit.
  • Interesse for og evne til nytenking og til å motivere til endring og utvikling.
  • Godt humør og gode samarbeidsevne.
  • Trivast med høgt tempo og har stor arbeidskapasitet.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg arbeidsmiljø.
  • Eit tenesteområde i sterk utvikling.
  • Eit sterkt fokus på modernisering og omstilling gjennom bruk av ny teknologi.
  • Konkurransedyktig løn.
  • God pensjonsordning i Klp.

Kontaktinformasjon

Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5099597331
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 07.04.2026

Kontaktperson for stillingen

Therese Nordheim Nesseth

einingsleiar

+47 47316717

Om bedriften

Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f4552d19-f21e-4d2f-a464-a04452110446

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

6a5f6273c8024f3f809e8953c4a218c9

Lignende annonser

Laster lignende annonser