Hopp til innhold

Vernepleiar fast stilling i ambulerande tjeneste

Arbeidsgiver

eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune

Sted

Valderhaug 4, 6050 Valderøya

Om jobben

Stillingstittel
Vernepleiar i ambulerande tjeneste
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest onsdag 25. mars

Ambulerande tjenester til personar med funksjonsnedsettingar er eit nytt og spennande tilbod i eining Meistring og psykisk helse. Tjenesten gir hjelp og bistand til heimebuande brukarar med funksjonsnedsettingar, og teamet eit eit aktivt, lite og engasjert fagmiljø som brenn for å skape gode tjenestar.

Vi har no ledig fast 100 % stilling som vernepleiar frå snarast. Stillinga er knytt til ein brukar i tillegg til ambulant tjeneste. Stillinga inngår i turnus med langvakter kvar 4. helg. 

I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er eigna for stillinga bli lagt stor vekt på ved tilsetjing.

Menn blir oppmoda om å søkje.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta for den enkelte tjenestemottakar i tett samarbeid med pårørande.
  • Koordinere og leie ansvarsgrupper med aktivt bruk av individuell plan.
  • Levere tjenester ut frå gjeldande lovverk.
  • Målretta miljøterapeutisk arbeid.
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.
  • For vernepleiar/sjukepleiar gjeld også legemiddelhåndtering etter prosedyre.

Arbeidsoppgåver kan bli endra ved behov.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som vernepleiar, men sjukepleiar og andre med relevant bachelor i helse- og sosialfag og med erfaring frå denne brukargruppa kan også søkje.
  • Erfaring frå arbeid med menneske med nedsett funksjonsnivå.
  • Erfaring frå arbeid i ambulant tjeneste er ønskjeleg, men ikkje eit krav.
  • Kompetanse og erfaring i arbeid med utfordrande åtferd og kjennskap til Helse- og omsorgstenestelova kap. 9.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse.
  • Førerkort for bil.

Personlege eigenskapar

  • Er fagleg og personleg trygg.
  • Er ein god lagspelar som er opptatt av å bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Har evne til å bygge gode, trygge relasjonar til både brukarar og kollegaer.
  • Har gode komunikasjons- og samarbeidsevne.
  • Er fleksibel og løysingsorientert.
  • Er raus, omgjengeleg og har godt humør.

Vi tilbyr

  • Varierande og givande arbeidsoppgåver.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Martin Solbjørg, avdelingsleiar, 40106605
Anne Marthe Busengdal, avdelingsleiar, 41702363
Kristine Finnøy, nestleiar, 90935279
Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5094795271
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Therese Nordheim Nesseth

einingsleiar

+47 47316717

Kristine Finnøy

nestleiar

90935279

Anne Marthe Busengdal

avdelingsleiar

41702363

Martin Solbjørg

avdelingsleiar

40106605

Om bedriften

Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

a4c76a9c-fe6a-4106-a389-8d43533acb20

Sist endret

11. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a50047315dca49828a12d344f76da762

Lignende annonser

Laster lignende annonser