Hopp til innhold

Helsefagarbeidarar i bustad og ambulant teneste

Arbeidsgiver

eining Meistring og psykisk helse, Giske kommune

Sted

Valderhaug 4, 6050 Valderøya

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidarar i bolig og ambulant teneste
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 30. mars

Eining Meistring og psykisk helse har mellom anna ansvar for bufelleskap for menneske med nedsett funksjonsnivå. Vi har etablert ein bustad på Valderøya i tillegg til ei ambulant teneste, og har i samband med dette ledig to 100 % stillingar som helsefagarbeidar. Eine stillinga er fast og den andre eit vikariat frå snarast og gjeld t.o.m. 31.01.2027. Oppgi i søknaden om du er aktuell for begge stillingane, eller kun den eine.  For tida inngår stillingane i turnus med langvakter (inntil 12,5 timar) og arbeid kvar 4. helg. Om lag 70 % av kvar stilling blir knytt til boligen og resterande i ambulant teneste.

I tillegg til formell kompetanse vil personlege eigenskapar og at ein er eigna for stillinga vere avgjerande ved tilsetjing.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.


Arbeidsoppgåver

  • Arbeide målretta for den enkelte tenestemottakar, med tett samhandling med pårørande.
  • Koordinere  og lede ansvarsgrupper ved aktiv bruk av individuell plan.
  • Levere teneste ut frå gjeldane lovverk.
  • Bruk av ulike digitale verktøy.
  • Tverrfagleg samarbeid internt og eksternt.
  • Målretta miljøarbeid.

Kvalifikasjonar

  • Autorisert helsefagarbeidar, men barne- og ungdomsarbeidararar og andre med anna relevant fagutdanning er også velkomne som søkjarar.
  • Erfaring frå arbeid i bufellesskap for menneske med nedsett funksjonsnivå.
  • Kompetanse og erfaring i arbeid med utfordrande åtferd.
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
  • God digital kompetanse.
  • Førerkort for bil med manuell gir.

Personlege eigenskapar

  • God lagspelar som er opptatt av  bidra til eit fagleg godt og inkluderande arbeidsmiljø.
  • Evne til å bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra.
  • Trygg i konflikthandtering.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode komunikasjonsevne og samarbeidsevne.
  • Evne til nyskaping og til å sjå løysingar.

Vi tilbyr

  • Mogelegheit til å vere med å utvikle tenestetilbodet.
  • Varierande og givande arbeidsoppgåver.
  • God opplæring.
  • Tverrfagleg samarbeid.
  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.

Kontaktinformasjon

Martin Solbjørg, avdelingsleiar, 40106605
Anne Marthe Busengdal, avdelingsleiar, 41702363
Kristine Finnøy, nestleiar, 90935279
Therese Nordheim Nesseth, einingsleiar, +47 47316717

Arbeidsstad

Valderhaug 4
6050 Valderøya

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5094897964
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 30.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Therese Nordheim Nesseth

einingsleiar

+47 47316717

Kristine Finnøy

nestleiar

90935279

Anne Marthe Busengdal

avdelingsleiar

41702363

Martin Solbjørg

avdelingsleiar

40106605

Om bedriften

Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

6ae62f6c-814c-4eb2-a77e-1926691aa2d4

Sist endret

13. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cf2d3f9f96e942c5baf5909d2ec1f94f

Lignende annonser

Laster lignende annonser