Helsefagarbeider ved Skodje heimeteneste
Skodje og Ørskog omsorgsdistrikt
Ådalsbakken 6, 6260 Skodje
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsefagarbeider ved Skodje heimeteneste
- Oppstart
- 1. juni 2026
- Type ansettelse
- Fast, deltid 68%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest søndag 12. april
I distriktet Skodje har vi ledig 68 % fast stilling som helsefagarbeidarar i heimetenesta. Arbeid er todelt med natt og kveld (hovedtyngde av nattevakter) og med arbeid kvar 3. helg. Ved overgang til årsturnus (truleg frå 2027) vil det bli moglegheiter for auke av stilling.
Nattevakter i heimetenesten samarbeider med nattevakter på Skodje omsorgssenter.
Heimetenesta består av heimebuande i distriktet Skodje, samt omsorgsbustader. Kontorbasen vår er lokalisert i 1 etg. på Skodje omsorgssenter. I same bygg har ein både fleire sjukeheimsavdelingar, omsorgsleiligheiter, kontor til fysioterapeut og ergoterapeut, og institusjonskjøkken.
Heimetenesta har fleire brukarar som bur i omsorgsleiligheter. Dette inkluderer Ådalen allé, som er omsorgsleiligheter med heildøgns omsorg.
Vi yter tenester til heimebuande. Både til relativt friske brukarar, men også til alvorleg sjuke brukarar som krev høg fagleg kompetanse.
Heimetenesta er opptatt av å yte gode og verdige tenester i brukarane sitt eige og trygge miljø. Vi nyttar ein del velferdsteknologisk utstyr. Dette som støtte og hjelp for å kunne gi brukarane meir friheit til å bu trygt heime.
I tenesta blir det nytta kommunale bilar som står under carport ved kontorbasen.
Skodje er eit distrikt med nærleik til både natur og det urbane strøk. I nærområdet kan ein både finne flotte turmoglegheiter, både lette og meir utfordrande. Ein har butikk og shopping like i nærheita, både på Digernes, Moa og Ålesund sentrum.
Lokalmiljøet i distriktet Skodje har elles mykje å by på. Barne og ungdomsskule, barnehage, dagligvarebutikkar, mange tilbod innan idrett og kultur, kor osv.
Arbeidsoppgåver
- Sikre at pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer.
- Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen).
- Legemiddelhandtering.
- Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar.
- Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar.
- Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som Helsefagarbeider (eventuelt fagbrev som hjelpepleier og omsorgsarbeider)
- Relevant erfaring er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
- Beherske IKT-verktøy
- Førerkort klasse B
- Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
- Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgivar i god tid før oppstart i jobben.
- Det forutsettast at den som skal tilsettast kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
- Det krevast også at personlig bankid eller idporten kan benyttast som alternativ innlogging mot ulike digitale løysningar ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm)
Personlege eigenskapar
- Trygg, tydeleg og engasjert, med fokus på pasienten
- Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
- Sjølvstendig og samarbeidsorientert
- Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- Nytenkande og endringsvillig
- Personlege eigenskaper blir vektlagt
Vi tilbyr
- Ein interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
- Eit støttande og engasjert kollegialt miljø
- Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter verksemda sitt behov
- Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
- Pensjonsordning i henhold til tariff
- Bedriftshelseteneste
- IA bedrift
Kontaktinformasjon
Kristin Beate Osvoll Skodjevåg, Konstituert avdelingsleder, 918 10 445, kristin.beate.osvoll.skodjevag@alesund.kommune.noLinn Evy Abelseth Søvik, Verksemdsleiar, 906 84 106, linn.evy.abelseth.sovik@alesund.kommune.no
Arbeidsstad
Ådalsbakken 66260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5094513604
Stillingsprosent: 68%
Fast
Startdato: 01.06.2026
Søknadsfrist: 12.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Kristin Beate Osvoll Skodjevåg
Konstituert avdelingsleder
918 10 445
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
e70e0b66-5be5-479d-927e-e16e3989ea1a
- Sist endret
20. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
2aee6ed4cf6940c9a52b338262b635bd