Hopp til innhold

Sjukepleiar

Arbeidsgiver

Medisinsk sengepost og dialyse Lærdal, Helse Førde

Sted

Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal

Om jobben

Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 3. juni

Ønskjer du å bu på ein liten plass med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Er du i tillegg sjukepleiar?Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!

Lærdal sjukehus har ledige stilling for sjukepleiar ved medisinsk sengepost:

  • Fast 100 % kombistilling dialyse og medisinsk sengepost, med tilsetting så snart som mogeleg
  • Stillinga skal i utgangspunktet ikkje delast

    Medisinsk sengepost
    Sengeposten har 14 senger, inkludert 2 overvakingssenger. Om lag 95 % av innleggingane er augeblikkeleg hjelp, medan 5 % er elektive pasientar. Vi er ein generell medisinsk sengepost med mange pasientar innan hjarte-, lunge- og infeksjonssjukdomar.

    Dialysen
    Dialysen er ein dialysesatellitt knytt til Førde sentralsjukehus, og er åpen på dagtid måndag - laurdag. Opplæringa skjer lokalt ved Lærdal sjukehus. 

    Hos oss har vi eit godt fagmiljø, samstundes som vi ikkje er større enn at vi blir godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid samt gode moglegheiter for å skaffe seg nye bekjente.

    Lærdal er ein fin stad med store naturopplevingar rett utanfor døra og gode turmoglegheiter for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset.

    Meir informasjon om Lærdal kan du lese her.

    Ønskjer du meir informasjon om stillingane, kan du ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon.

    Arbeidsoppgåver

    • Mottak og oppfølging av pasientar på sengepost
    • Oppfølging og behandling av dialysepasientar
    • Sjukepleie til medisinske pasientar
    • Arbeid i snitt kvar tredje helg, moglegheit for langvakter på helg
    • Utføre daglege arbeidsoppgåver som ligg til avdelinga
    • Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
    • Bidra i opplæring og rettleiing av studentar
    • Utføre arbeidsoppgåver delegert frå leiar

    Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.

    Kvalifikasjonar

    • Må ha godkjend norsk autorisasjon som sjukepleiar
    • Erfaring innen overvaking og dialyse blir vektlagt
    • Det er ønskjeleg med videreutdanning innen kardiologi eller intensiv, men ikke absolutt krav
    • Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
    • Gode IKT-kunnskapar
    • Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne

    Personlege eigenskapar

    • Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
    • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
    • Du ønskjer å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
    • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
    • Du er fagleg engasjert
    • Du jobbar strukturert og målretta
    • Du er fleksibel og tilpasningsdyktig

    Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

    Vi tilbyr

    • God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
    • Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
    • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar
    • Triveleg arbeidsmiljø
    • Personalhytte på Filefjell
    • Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)

    Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, (+47) 479 06 594

    Arbeidssted

    Sjukehusvegen 9
    6887 Lærdal

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgiver: Helse Førde

    Referansenr.: 5132042561
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 03.06.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Marit Fossheim Ottersen

    Einingsleiar

    (+47) 479 06 594

    Om bedriften

    Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på ca 4 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. 

    Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,  fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    f21c5df6-0113-41a4-aca1-82a713b2851d

    Sist endret

    19. mai 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    38ccf8a52c3f4e62bf27b4078eec0f29

    Lignende annonser

    Laster lignende annonser