Hopp til innhold

Slagverklærar (vikariat)

Arbeidsgiver

Kulturskulen, Vestre Slidre kommune

Sted

Slidrevegen 15, 2966 Slidre

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Slagverklærar (vikariat)
Oppstart
5. januar 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Vestre Slidre kulturskule er ein kulturskule med høgt engasjement og stor oppslutnad blant innbyggjarane i bygda. Tett samarbeid med grunnskulen gjer at vi har relativt mykje av undervisinga på dagtid. Vår eminente slagverklærar skal ut i permisjon, og vi søkjer etter ein eller fleire som kan overta oppgåvene hans. Vikariatet er ledig f.o.m.  05.01.26 t.o.m. 15.03.26.

Dette er ein spennande jobb med mange varierte oppgåver. Det er ein ressurs for heile regionen som òg hjelper til i kulturskulane i Nord-Aurdal og Sør-Aurdal. Det er mogleg å dele stillinga mellom fleire som kan ta ulike delar av oppgåvene. Men om nokon har kompetanse og kapasitet til å ta heile stillinga, er det sjølvsagt òg velkoment.


Arbeidsoppgåver

  • Slagverkelevar i Slidre: 33,12 %
  • Slagverkelevar knytt til band i Slidre: 2,56 %
  • Band (2 stk.) med elevar på barneskulen i Slidre: 10,26 %
  • Slagverkelevar i Sør-Aurdal (Bagn): 10,26 %
  • Klassekorps i Nord-Aurdal saman med annan leiar for klassekorps: 21,87 %
  • Slagverkelev i Nord-Aurdal: 1,71 %
  • Diverse organisering og administrasjon i Slidre: 10%

Kvalifikasjonar

Kva kvalifikasjonar som trengs varierer med oppgåvene. Men det er verd å peike på å:

  • Kunne spele og undervise på trommesett – gjerne også på melodisk slagverk, men det er ikkje eit krav.
  • Kunne tilretteleggje repertoar og rettleie band.
  • Ha relevant erfaring

Utdanning er ein fordel, men ikkje eit krav.

Personlege eigenskapar

Dette varierer også med oppgåvene. Men vi treng ein eller nokre som:

  • Har evne til å engasjere seg i møte med nye og kjende oppgåver.
  • Er ansvarsmedviten og sjølvstendig.
  • Tek initiativ og bidreg aktivt i samarbeid med andre.
  • Kan planleggje og gjennomføre undervising for enkeltelevar og små grupper.
  • Kan planleggje og gjennomføre undervising i større grupper saman med andre.
  • Er tydeleg og engasjert som tilretteleggjar og inspirator for læring og utvikling.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Ein spennande og morosam jobb.
  • Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte kollegaer.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar. 

Kontaktinformasjon

Gudbrand Silvet Heiene, Avdelingsleiar kultur, +47 41335496

Arbeidsstad

Slidrevegen 15
2966 Slidre

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

Referansenr.: 5025190195
Stillingsprosent: 89,78%
Vikar
Startdato: 05.01.2026
Sluttdato: 15.03.2026
Søknadsfrist: 30.10.2025

Om bedriften

Andre opplysningar

 Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

 

Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f177339c-42ca-418a-b05f-cb1b298594c0

Sist endret

31. oktober 2025

Hentet fra

talentech

Referanse

46de7389337f4e129b9de65f5c38a7f5

Lignende annonser

Laster lignende annonser