Hopp til innhold

Ledig stilling i avdeling for kultur, frivilligheit og inkludering

Arbeidsgiver

Vestre Slidre kommune

Sted

Slidrevegen 16, 2966 Slidre

Om jobben

Stillingstittel
Ledig stilling i avdeling for kultur, frivilligheit og inkludering
Oppstart
4. mai 2026
Type ansettelse
Vikariat, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest fredag 20. mars

Bli vår kollega! Vi er eit lite team som treng deg!
Vestre Slidre kommune har ledig eit svangerskapsvikariat i 20% stilling, samt 50% fast stilling i avdeling Kultur, frivilligheit og inkludering frå 01.06.26.
Stillinga er fordelt mellom 20% vikar som barne og -ungdomsarbeider, 10 % fast i BUA og 40% fast stilling som kombinert barne- og ungdomsarbeider og kulturarbeider.

Du er og velkomen til å søke på berre éin av oppgåvene, om det passar deg betre. 

Hjå oss vil du få bruke engasjementet ditt til å skape inkluderande fellesskap, gode aktivitetar og øyeblikk som betyr noko. Bli med og gjer ein forskjell!


Arbeidsoppgåver

Barne- og ungdomsarbeid:
  • Organisere og følgje opp aktivitetar og prosjekt i regi av ungdomsklubben vår «Løfte».
  • Følgje opp kommunen sin fritidserklæring ved å sikre alle barn eit fritidstilbod.
  • Vår regionale kontakt til UKM.
  • Organiseringa av 4. dagsfest for unge vaksne.
  • Informere om tiltak, samt oppdatere i foreningsportalen.
  • Anna
Kulturarbeid:
  • Løyse ulike oppgåver knytt til kultur i samarbeid med leiar.
  • BUA Vestre Slidre:

    I BUA kan alle  låne utstyr til fysisk aktivitet som sport, leik og friluftsliv. Lånet er gratis. Oppgåvene passar for deg som er driftig og engasjert, har gode datakunnskapar og kunnskap om utstyret vi har å tilby.

    • Du vil bli systemansvarleg og ha ansvar for BUAs utlånssystem.
    • Sørge for godt vedlikehald og god opplæring slik at alle får ei god brukaroppleving.
    • Vera tilstades ved opningstid tysdagar kl 14-16 og torsdagar kl 15-17, samt ved organisering og planlegging med teamet.

    Kvalifikasjonar

    Du må :
    • Vera ein trygg og varm omsorgsperson og god rollemodell for barn og unge, samt vise stort engasjement og glede over å arbeide med unge.
    • Bidra til eit godt samarbeid med barn og unge sine føresette, samt dine kollegaer i teamet.
    • Vera med på å ta ansvar for kommunens heilskaplege arbeid med barn og unge sine oppvekstvilkår.
    • Erfaring med ungdom er ein fordel.

    Personlege eigenskapar

    Personleg eignaheit vil bli vektlagt.

    Vi tilbyr

    • Ein interessant og lærerik jobb.
    • Eit godt og triveleg arbeidsmiljø.
    • Løn etter tariff og elles arbeidsvilkår etter dei reglar som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar.
    • Gode pensjons- og forsikringsordningar.

    For meir informasjon; ta kontakt med tenesteleiar Torill Trøen 915 20 590.

    Kontaktinformasjon

    Torill Trøen, Avdelingsleiar kultur og frivillighet, 915 20 590

    Arbeidsstad

    Slidrevegen 16
    2966 SLIDRE

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Vestre Slidre kommune

    Referansenr.: 5085786518
    Stillingsprosent: 70%
    Anna
    Startdato: 04.05.2026
    Søknadsfrist: 20.03.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Torill Trøen

    Avdelingsleiar kultur og frivillighet

    915 20 590

    Om bedriften

    Andre opplysningar

     Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt ved behov. Det vert gjort merksam på at namnet på ein søkjar kan bli gjort offentleg sjølv om søkjaren har bedt om at namnet blir unnteke offentleg søkjarliste. Ynskje om unntak frå offentleg søkjarliste må grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd. Søkjaren vert varsla dersom ynskje ikkje kan takast til følgje.

     

    Vestre Slidre kommune er ein landbruks- og reiselivskommune i Valdres, og som ligg vakkert til nær Jotunheimen, er 457 km2 stor og har omlag 2 100 innbyggjarar. Vi har ei god skule, full barnehagedekning og ei av dei beste kulturskulane i landet. Kommunen har også eit rikt kulturliv med song, musikk og idrett, og eit vidt spekter innanfor lag og foreiningar.

    Her ligg det til rette for aktivt friluftsliv - både sommar og vinter. Største delen av fjellområda i kommunen er statsallmenning. For jakt- og fiskeinteresserte byr dette på mange gode - som for eksempel fiske med garn og oter i alle vatn i allmenningen, og tilgang til småviltjakt. Vestre Slidre kommune kan også by på eit alpinanlegg og 300 km oppkøyrte skiløyper i vårt vakre og varierte fjellområde, samt to lysløypeanlegg. Det er god kommunikasjon til Oslo og Vestlandet via E-16, som går gjennom kommunen.

    Flytte til Valdres? Sjå http://www.velgvaldres.no

    Sektor

    Offentlig

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    50c66e0d-e876-4b2f-9a88-4958058de25a

    Sist endret

    27. februar 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    1bb78ad78f0b4c20a604929dff9e2c8e

    Lignende annonser