Hopp til innhold

Miljørettleiar/ fagarbeidar/ elevassistent på Rogne skule - vikariat

Arbeidsgiver

Rogne skule, Øystre Slidre kommune

Sted

Solhauglie 6, 2943 Rogne

Om jobben

Stillingstittel
Miljørettleiar/fagarbeidar/elevassistent på Rogne skule - vikariat
Type ansettelse
Vikariat, deltid 70%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 1. juni

Rogne skule har ledig vikariat som miljørettleiar/fagarbeidar/elevassistent på Rogne skule i perioden 01.04.2026 - 31.12.2026. 

Vi søkjer deg som likar å arbeide med barn, og som har barnefagleg, pedagogisk eller helse-og sosialfagleg utdanning. Viss du er god til å skape relasjonar og kan stå støtt i grensene i møte med unge sine kjensleuttrykk, ynskjer vi deg på laget hos oss. 

Stillinga inkluderer både arbeid i skule og SFO. Stillingsprosent er i utgangspunktet 70%, men kan justerast etter dialog. Om du er open for å arbeide deler av perioden, ynskjer vi også å vurdere søknaden din.

Vi ser fram til å høyre frå deg! 

Søkjarar blir fortløpande vurdert og innkalla til intervju. 


Arbeidsoppgåver

  • Fagleg og sosial oppfølging av ein eller fleire enkeltelevar i skulen, gjennom samtaler og reguleringsstøtte
  • Samarbeid med teamet på trinnet og eksterne faginstansar
  • Arbeid på SFO inngår i stillinga
  • Det kan i delar av perioden vere aktuelt med undervisningsoppgåver

Kvalifikasjonar

  • Relevant universitets-/høgskuleutdanning innan pedagogikk, spesialpedagogikk, sosialpedagogikk, vernepleie eller anna relevant utdanning
  • Fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
  • Søkjarar med annan bakgrunn kan også vurderast for stillinga
  • Ønskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge
  • Kunnskap om oppdragelse, undervisning, leik, læring og utvikling
  • Kunnskap om læring, tilrettelegging og forståing for teorien om toleransevindauget
  • Du kan observere, systematisere og fortolke sosialt samspel og læring til å vidare kunne setje inn eigna tiltak for eleven eller elevgruppa
  • Det er krav om politiattest, jfr opplæringslova § 17-11

Personlege eigenskapar

Vi søkjer deg som:

  • er varm, trygg og relasjonsorientert i møte med ungane.
  • er tålmodig samtidig som du set krav på ein venleg og konsekvent måte.
  • har gode samarbeidsevner både med elevar, foreldre og kollegaer.
  • er positiv, løysingsorientert og ser etter korleis du kan bidra.
  • som søker hjelp hos kollegaene dine når noko er vanskeleg. 
  • er nysgjerrig på å lære meir om å arbeide med barn og unge, eller vurderer om dette er noko du vil arbeide med på sikt.
  • Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Ein spennande arbeidskvardag saman med eit triveleg og utviklingsorientert kollegium.
  • Moglegheit til å bruke naturen og uteområdet i undervisning
  • Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
  • Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen

Kontaktinformasjon

Are Alund, Rektor Rogne skule, +47 99734175

Arbeidsstad

Solhauglie 6
2943 Rogne

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune

Referansenr.: 5091908432
Stillingsprosent: 70%
Vikar
Søknadsfrist: 01.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Are Alund

Rektor Rogne skule

+47 99734175

Om bedriften

Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter. 

Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge.  Velkommen til rein naturglede!

Reiseliv og jordbruk er blant dei største  næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.

Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt  tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu. 

Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.

Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

0ff506ce-1f57-46bf-985c-e34a5009819a

Sist endret

12. mars 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

df324c55596b42c09471cbe0e8bfc96e

Lignende annonser

Laster lignende annonser