Miljørettleiar og fagarbeidar i grunnskulen
Øystre Slidre kommune
Bygdinvegen 1989, 2940 Heggenes
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljørettleiar og fagarbeidar i grunnskulen
- Oppstart
- 1. august 2026
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 89%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest mandag 6. april
Rogne skule har ledig 89% vikariat som miljørettleiar eller fagarbeidar i skuleåret 26/27.
Vi søkjer deg som har barnefagleg, pedagogisk eller helse-og sosialfagleg utdanning. Vi søkjer deg som er varm og trygg og god på å skape gode relasjonar. Du meistrar å stå i situasjonar som krev ein trygg vaksen i møte med barn og unge sine handlingar og kjensler.
Stillinga har komprimert arbeidsår (89% stilling) og er ledig frå 01.08.26.
Det kan bli fleire ledige stillingar ved alle tre skulane i kommunen, og dersom du er interessert i å arbeide ved nokon av dei andre skulane, oppfordrar vi deg også til å søke.
Vi ser fram til å høyre frå deg!
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene består av fagleg og sosial oppfølging av enkeltelevar, mindre grupper og i heil klasse. Vi ynskjer å få deg på laget vårt som brenn for å legge til rette for trygge og lærerike skuledagar der elevane får ut utviklingspotensialet sitt.
- Samarbeid med teamet rundt og eksterne faginstansar for å legge best mogleg til rette
- Arbeid på SFO er ein del av stillinga på Rogne skule.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer deg som er barnevernspedagog, vernepleiar, sosialpedagog, pedagog, spesialpedagog, eller har annan relevant universitets-/høgskuleutdanning
- Vi søkjer deg som har fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar
- Det er ønskjeleg at du har erfaring frå arbeid med barn og unge
- Du har ynskje om og vilje til å sjå eleven innanfrå.
- Du har kunnskap om oppdragelse, undervsining, leik, læring og utvikling.
- Du veit mykje om korleis læring foregår og kva du treng å ta omsyn til for at barn og unge skal lære best mogleg.
- Du kan observere, systematisere og fortolke sosialt samspel og læring til å vidare kunne setje inn eigna tiltak for eleven eller elevgruppa.
- Det er ynskjeleg at du har kjennskap til tilknytningspsykologi og COS.
- Det er krav om politiattest, jfr opplæringsloven §17-11
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som er ein varm og trygg vaksen i møte med elevane. Vi er opptekne av gode relasjonar med elevane, foreldra og dei tilsette ved skulane.
- Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er positiv, fleksibel, robust og er ein god lagspelar
- Vi søkjer deg som ser glede og nytte i å samarbeide og ta initiativ til å vera med å utvikle skulane i Øystre Slidre kommune til det beste for elevane
- Personlege eigenskapar og eignaheit vil bli sterkt vektlagt
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidskvardag i eit arbeidsmiljø prega av godt samhald og profesjonalitet.
- Moglegheit til å bruke naturen og uteområdet i undervisning
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
- Nærheit til Beitostølen og Jotunheimen
Kontaktinformasjon
Are Alund, Rektor Rogne skule, 99734175
Sissel Dahle Lie, Rektor Lidar skule, 99690813
Siv Aina Theodorsen, Rektor ØSUS, +47 41761631
Arbeidsstad
Bygdinvegen 1989
2940 HEGGENES
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Øystre Slidre kommune
Referansenr.: 5091301734
Stillingsprosent: 89%
Vikar
Søknadsfrist: 06.04.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Siv Aina Theodorsen
Rektor ØSUS
+47 41761631
Sissel Dahle Lie
Rektor Lidar skule
99690813
Are Alund
Rektor Rogne skule
99734175
Om bedriften
Nasjonalparkkommunen Øystre Slidre ligg ved inngangsporten til Jotunheimen, med Beitostølen som et naturleg utgangspunkt. Vegen er kort til toppturar både sommar og vinter.
Friluftsliv, jakt, fiske og stølsliv er viktig i kommunen. Du finn mellom anna deler av Langsua nasjonalpark, eit stort turløypenett og milevis med skiløyper i heile kommunen. På Valdresflye varar skisesongen lenge. Velkommen til rein naturglede!
Reiseliv og jordbruk er blant dei største næringane, og det finst spanande arbeidsplassar innan fleire bransjar.Øystre Slidre har dei siste åra hatt vekst i folketallet.
Øystre Slidre kommune skal tilby gode tenester til innbyggarar og tilreisande i alle aldersgrupper. Nytt og moderne helsetun stod ferdig i 2021. Eit rikt kulturtilbod, eit godt tilbod til barn og unge og ein unik dugnadsånd er med på å gjere kommunen til ein attraktivt stad å bu.
Gode handelstilbod finn ein både i kommunen og rundt regionsenteret Fagernes.
Vil du vite meir om Valdres? Vi har unik natur, kultur og er ein attraktiv region, sentralt i Norge. Les meir på valdres.no.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
8168ca9c-9015-40fe-a2b3-cfc53d861e6f
- Sist endret
12. mars 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a48f6f525aa84a97bd715003e95a0d88