Hopp til innhold

Fagarbeidarar ved Vang barne - og ungdomsskule 

Arbeidsgiver

Vang Kommune

Sted

Tyinvegen 5035, 2975 Vang i Valdres

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeidar ved Vang barne- og ungdomsskule
Oppstart
1. august 2026
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Er du flink med barn og ynskjer å arbeide som barne- og ungdomsarbeidar ved Vang barne - og ungdomsskule? Vi søkjer no etter fagarbeidarar frå hausten 2026, til faste stillingar og til vikariat.

Barna våre fortener det beste! Vi søkjer etter fagleg sterke og engasjerte tilsette som brenn for barna si læring og trivsel! Kommunen satsar sterkt på psykisk helse og livsmeistring, med mål om robuste barn og unge som taklar medgang og motgang.

Stillinga følg ikkje skuleåret, du må pårekne arbeidstid i haust- og vinterferie samt inntil fire veker i skulens sumarferie.

Vi har ledig: 
  • 200 % fast stilling for fagarbeidar skule og SFO
  • 100 % vikariat for fagarbeidar frå august til februar, i skule og SFO
Vi tilbyr: 
  • Eit profesjonelt læringsfellesskap der samabeid om barnets beste står i sentrum
  • Gode faglege og personlege utviklingsmogelegheiter
  • Lønn etter tariff og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Arbeidsoppgåver

  • Oppfølging av elevar i skulekvardagen, fagleg og sosialt
  • Ta del i arbeidet med å legge til rette og gjennomføre aktivitetar knytt til enkeltelevar og elevgrupper
  • Medverke til eit trygt og godt skulemiljø
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø

Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar eller helsefagarbeidar
  • Fortrinnsvis relevant erfaring innanfor fagfeltet
  • Anna relevant utdanning og/eller erfaring kan vege opp for manglande fagbrev
  • Gode norskkunnskapar, munnleg og skriftleg

Godkjent politiattest må leverast før tiltreding

Personlege eigenskapar

  • Evne til å byggje gode relasjonar til barn og vaksne
  • Evne til å arbeide målretta
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fokus på læring og utvikling hjå elevane
  • Lojal i beslutningsprosessar og oppfølging av desse
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Engasjert og ansvarsbevisst
  • Tydeleg, raus og trygg i vaksenrolla
  • Personleg egnetheit vil bli vektlagt

Kontaktinformasjon

Ola Erik Heen Moe, Rektor VBU, 91161741, ola.moe@vang.kommune.no

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Vang Kommune

Referansenr.: 5082805589
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 22.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Ola Erik Heen Moe

Rektor VBU

91161741

ola.moe@vang.kommune.no

Om bedriften

Vang kommune som arbeidsgjevar: 

  • Ca 290 tilsette fordelt på kommunalområda: Helse og omsorg, Utdanning og kultur, Landbruk og teknisk, og Stab
  • Den viktigaste ressursen me har er våre tilsette. I Vang kommune gjer me det me kan for at tilsette skal ha det bra på arbeid!
  • Vang kommune har nynorsk som skriftspråk
  • Vang kommune er ein tobakksfri arbeidsplass og ein kan ikkje nytte tobakk i betalt arbeidstid.

Å bu i Vang kommune: 

  • Ei storstilt satsing på barn og unge!
  • Ein kombinert barne - og ungdomsskule, med ca 200 elever. Nyrenovert med heilt ny fleirbrukshall med klatrevegg, basseng etc. Tolærarsystem, slik at det nesten alltid er to lærarar tilstades i klasserommet. Skulen nyttar Vang sin flotte natur mykje, både ved uteskule, faget FRI-NAT (friluftsliv og natur), og spanande utflukter. I Vang er SFO gratis for alle barn!
  • Vang kommune har to barnehagar, Høre og Fredheim, begge har småbarns og storbarnsavdeling. I Vang er det løpande barnehageopptak (start når det passar dykk!) og barnehagesprisen per barn 1500 kr 
  • Helse og omsorgstenester av god kvalitet
  • Vang kommune har personalbustadar til leige, med butid opptil 3 år
  • Byggeklare tomter fleire stadar i kommunen, alle med fantastisk utsikt!
  • I Vang finn du 2 solide kontorfellesskap, gjer som fleire andre og ta med deg arbeidet til Vang!
  • Både i Vang og resten av Valdres finn du eit yrande kulturliv, der tradisjon står i høgsete,  med blant anna tradisjonsmat, tradisjonsmusikk, tradisjonshandtverk og aktiv stølsdrift. Vang kommune har også ein god kulturskule med stort utval av tradisjonelle og moderne aktivitetar
  • I Vang står lag, foreiningar og idrett sterkt, her finn du aktivitetar for einkvar smak!
  • Vang har ein storarta natur som innbyr til friluftsliv sommar som vinter, er du glad i turar, ski, jakt og fiske så er dette staden for deg!  Vang blir sagt å ha "vestlandsfjell med austlandsklima", og er ei bygd med landbruk, grundarar, turisme og næringsliv i eit levande og inkluderande bygdesamfunn. I Vang finn du også store delar av Jotunheimen og ikkje minst festivalen Vinjerock
  • I Vang har dei fleste kort avstand mellom arbeid, barnehage og skule. Her kan du leve eit så roleg eller så aktivt liv som du sjølv ynskjer, i ei distriktskommune med positiv folketalsutvikling
  • Meir info om korleis det er å bu i Vang og kva som skjer i Vang finn du her på VangiValdres.
  • Meir info om arbeids - og bumarkedet Valdres finn du på VelgValdres

 

 

Vang kommune er oppteken av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn. 

Me gjer merksam på at søkjarar kan få sitt namn gjort offentleg i søkjarlista, sjølv om det er bedt om konfidensiell behandling. Du som søkjar vil i tilfelle bli varsla på førehand om det. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ff7528e4-18b7-4800-8ade-e381c0b9209b

Sist endret

20. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

8c1df43b59df41fab9f8dd5c479dce6b

Lignende annonser