Hopp til innhold

Badebetjent og klubb-/kulturarbeidar

Arbeidsgiver

Avdeling kultur, Fyresdal kommune

Sted

Fyresdalsvegen 2233, 3870 Fyresdal

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Badebetjent og klubb-/kulturarbeidar
Type ansettelse
Fast, deltid
Antall stillinger
2

Søk på jobben

Søk senest søndag 7. juni

Vi utvidar våre opningstider og kulturtilbod, og er i samband med dette på leit etter tilsette, både som tilkallingsvikar og i små faste stillingar. Det er kulturarbeid ved kino og klubb, og badevakt. Det er helge- og kveldsarbeid i fast arbeidsplan i liten stillingsprosent.


Arbeidsoppgåver

Badevakt: 

  • Sikre trygge, gode tilhøve for bading for publikum.
  • Klargjering av symjehallen før og etter offentleg bad.

Klubb-/kulturarbeidar: 

  • Hjelpe til å rigge kino, kiosksal når det er kino. Vere klubbarbeider når vi ynskjer å kombinere kinokveldar med klubbkveldar.
  • Tilrettelgging og gjennomføring av aktivitetar.
  • Ta vare på tryggleiken og skape eit godt miljø for trivsel og samhald.
  • Vere lagspelar og bidra til utvikling av tilbod.
  • Vere ein tydeleg vaksen.

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge.
  • Gode norskkunnskaper er ein føresetnad, minimum A2 munnleg.
  • For badevakt: Vere i stand til å gjennomføre og bestå livredningsprøve.
  • Politiattest krevjast til begge stillingar.

Personlege eigenskapar

Vi treng trygge, engasjerte, ryddige og tydelege vaksne med gode haldningar, som er fleksible og har godt lag med barn og unge.

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

Ein spennande og lærerik jobb i sektor for kultur og oppvekst.

Løn etter gjeldande avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Hilde Martini Momrak, Avdelingsleiar kultur, +47 95270905

Arbeidssted

Fyresdalsvegen 2233
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 5131465064
Stillingsprosent: 10, 0%
Fast, Vikar
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 07.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Hilde Martini Momrak

Avdelingsleiar kultur

+47 95270905

Om bedriften

Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve. 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

f095aac1-9ea1-4ed3-b1dc-a25602200830

Sist endret

22. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3c373f35bb36414dab4e725d9da4d4da

Lignende annonser

Laster lignende annonser