Hopp til innhold

Helsefagarbeidar 100 % fast

Arbeidsgiver

Avdeling pleie og omsorg, Fyresdal kommune

Sted

Prærien 23, 3870 Fyresdal

Om jobben

Stillingstittel
Helsefagarbeidar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 30. juni

Du vil kunne jobbe i årsturnus med dag-/kvelds-/langvakter og moglegheit for 4. kvar helg og langfriperiode!

I Fyresdal skal bebuarane oppleve eit godt og framtidsretta pleie- og omsorgstilbod, som er i tråd med «Leve hele livet»-reforma og kva som er pålagt i helse- og omsorgslovgivinga. Vi er også med på nasjonale satsingar som "Gode pasientforløp" og "Kva er viktig for deg", vi har innført kjernejournal og nyttar velferdsteknologi, og deltek i interkommunalt simuleringsprosjekt. Vi har eige godt utstyrt øvingsrom med moglegheiter for fagutvikling og simulering,  vi har eigne fasilitatorar og instruktørar.

Målet er å syte for at alle innbyggarar som har behov for helse- og/eller omsorgstenester skal få naudsynt og kvalifisert helsehjelp som pleie, omsorg og praktisk bistand. Vi ynskjer å gje våre bebuarar eit så godt og individuelt tilbod med personsentrert omsorg som mogleg. Vi satsar også på god ernæring og eit variert tilbod med fysisk aktivitet, sansestimulering og miljøbehandling. 

Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. 1 ØHD-plass. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon.

Vi har legevakt i kommunen 24/7. 

Vi ynskjer gode faglege diskusjonar, og alle tilsette er like viktige uavhengig av profesjon. Humor må også vere ein viktig del av arbeidskvardagen, og det å ta vare på kvarandre. Saman er vi gode! Vi ynskjer DEG med på det laget! Velkomen som søkar!


Arbeidsoppgåver

  • Klinisk arbeid med pasientnær kontakt og grunnleggande pleie- og omsorgsoppgåver
  • Observasjon og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
  • Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
  • Multidose- og generell legemiddelhandtering

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar, hjelpepleiar, fagarbeidar med anna relevant helsefagleg utdanning (søkarar under relevant utdanning kan også bli vurderte)
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Gode datakunnskapar

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert og viser initiativ
  • Nytenkande, engasjert i aktivitet og kan motivere
  • Positiv og fleksibel, og kan jobbe både sjølvstendig og i samarbeid med andre
  • Stor arbeidskapasitet, då kvardagen i pleie og omsorg kan vere hektisk
  • Tolmodig og har gode kommunikasjons- og samhandlingsferdigheiter

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

  • Spennande faglege utfordringar, meiningsfulle arbeidsoppgåver og samarbeid i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Årsturnus, med moglegheit for å påverke eigen turnus
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
  • Kommunen har løpande inntak til barnehageplass
Tilsettingsvilkår:
  • Det vil bli stilt krav om politiattest ved tilsetting
  • Teieplikt
  • Det er 6 månadar prøvetid ved tilsetting

Kontaktinformasjon

Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +4790770830, gry.bergland@fyresdal.kommune.no

Arbeidssted

Prærien 23
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 5139939036
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Gry Synøve Åmlid

Avdelingsleiar POS

+4790770830

gry.bergland@fyresdal.kommune.no

Om bedriften

Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve. 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

54b48010-3be3-4444-93e6-553688d04605

Sist endret

4. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ef01eaf65a844e029ce580f5b11f4993

Lignende annonser

Laster lignende annonser