Hopp til innhold

Sjukepleiar/vernepleiar 100 %  svangerskapsvikariat 

Arbeidsgiver

Avdeling pleie og omsorg, Fyresdal kommune

Sted

Prærien 23, 3870 Fyresdal

Om jobben

Oppstart
1. september 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 30. juni

Fyresdal pleie- og omsorgssenter har 20 plassar fordelt på to avdelingar, 8 plassar for menneske med demens og 12 somatiske plassar. Demensavdelinga Nordstøg er mykje basert på miljøbehandling og miljøterapeutiske tilnærmingsmetodar. Somatisk avdeling Utsikten har varierande pasientgrupper med komplekse sjukdomsbilete, multimorbiditet, tekniske prosedyrar, rehabilitering og palliasjon. Vi har også 1 ØHD-plass.

Vi har legevakt i kommunen 24/7.  

Som sjukepleiar vil du kunne jobbe langvakter, kvar 6. helg og langfri kvar 6. veke.


Arbeidsoppgåver

  • Sjukepleiefaglege oppgåver
  • Klinisk arbeid med pasientnær kontakt, grunnleggande pleie, sjukepleiefaglege og tekniske prosedyrer, medisinsk oppfølging og behandling
  • Vurdering og kartlegging av behov i samarbeid med medarbeidarar
  • Samarbeid med andre i eit relativt ungt fagmiljø og ressurspersonar med pasienten i fokus
  • Multidose- og generell legemiddelhandtering
  • Assistere lege på legevakt ved behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg

3. årssjukepleiarstudentar/vernepleiarstudentar og sjukepleiarar med vidareutdanning er også velkomne til å søke.

Personlege eigenskapar

  • God fagleg dyktigheit og interesse for faget
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Utviklingsorientert, handlekraftig, tilpassingsdyktig og fleksibel
  • Evne til å jobbe sjølvstendig, men samtidig vil bidra til tverrfagleg samarbeid
  • Likar utfordringar
  • Har brukar i fokus
  • Har stor arbeidskapasitet
  • Ansvarsfull og stabil
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt i stor grad.

Vi tilbyr

  • Årsturnus, med moglegheit til å påverke eigen turnus
  • Faglege utfordringar i eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer
  • Akuttkurs for legevaktspersonell
  • Fagutvikling og simulering
  • Kommunale vilkår inkludert god pensjonsordning
  • Løn etter avtale
  • Nedbetaling av studielån etter 1 år i kommunen - Fyresdal er i sentralitetsklasse 6
  • Kommunen har løpande inntak til barnehageplass
Tilsettingsvilkår:
  • Det vil bli stilt krav om politiattest ved tilsetting
  • Teieplikt
  • Det er 6 månadar prøvetid ved tilsetting

Kontaktinformasjon

Gry Synøve Åmlid, Avdelingsleiar POS, +4790770830, gry.bergland@fyresdal.kommune.no

Arbeidssted

Prærien 23
3870 Fyresdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Fyresdal kommune

Referansenr.: 5139943040
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.09.2026
Søknadsfrist: 30.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Gry Synøve Åmlid

Avdelingsleiar POS

+4790770830

gry.bergland@fyresdal.kommune.no

Om bedriften

Fyresdal kommune er ein framtidsretta distriktskommune med vekst og vilje. Vi satsar målretta på bulyst, næringsutvikling og innovasjon – og har ambisjonar om å bli ein nasjonal pådrivar innan kunstig intelligens (KI). Fyresdal byr på høg livskvalitet, korte avstandar og naturen tett på, i eit levande lokalsamfunn der det er godt å jobbe, bu og leve. 

 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

35f3c382-fff5-4782-87ad-97421a31136d

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a54c6e47372147fd8443f1340810bd5d

Lignende annonser

Laster lignende annonser