Helsesjukepleiar
Helsetjenester, Tokke kommune
Revahaugvegen 4, 3880 Dalen
Om jobben
- Stillingstittel
- Helsesjukepleiar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 7. juli
Tokke kommune har ledig vikariat i 100 % stilling som helsesjukepleiar.
Er du helsesjukepleiar og har lyst på ein spanande og meiningsfull jobb? Då kan dette vere noko for deg!
Frå 1. september 2026 til 01.mai 2027 har kommunen ledig vikariat i 100 % stilling som helsesjukepleiar. Vikariatet kan bli forlenga eller gjort om til fast stilling på sikt. Arbeidet er knytt primært til skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom. Arbeidstida er dagtid i fleksitidsordning, men ein må også rekne med noko kveldsarbeid.
Helsestasjonen har eit godt og engasjert fagmiljø, og du blir del av eit team med helsestasjonslege, helsesjukepleiarar, sekretær og jordmor (organisert via jordmorsamarbeidet i Vest-Telemark).
Tenesta er organisert under kommunalområdet helse og omsorg med avdelingsleiar for helse som næraste leiar. I avdeling helse ligg i tillegg legekontoret, fysio- og ergoteapiteneste og psykisk helse og rus. Avdelinga er samlokalisert med institusjon og heimetenesta.
Tokke kommune har eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariff.
Arbeidsoppgåver
- Sikre gode tenester som tek i vare barn og unge sine fysiske, psykisk og sosiale behov
- Bidra til å ha eit godt samarbeid i laget rundt barn/ungdom/familie
- Utføre oppgåver innan dei nasjonalfaglege retningslinene innan helsestasjon- og skulehelsetenesta samt helsestasjon for ungdom og evt. flyktninghelseteneste, samt reisevaksinering.
Kvalifikasjonar
- Godkjent norsk autorisasjon som helsesjukepleiar
- Erfaring innan førebyggjande og helsefremjande arbeid er ein fordel
- Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha evne til å strukturere og koordinere arbeidet i ein arbeidskvardag
- Kurs i COS-P (foreldrestøtte) er eit ynskje
- Førarkort klasse B
- God norskspråkleg formidlingsevne skriftleg og munnleg er nødvendig
- Personlege eigenskapar, fleksibilitet og samarbeidsevner vil bli vektlagd
Personlege eigenskapar
- Er ein stabil og positiv kollega som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Kan samarbeide og kommunisere på ein måte som skapar trygge og gode relasjonar
- Er fleksibel, utvikling- og løysingsorientert
- Arbeider sjølvstendig, er strukturert og engasjert
Vi tilbyr
Helsestasjonen har eit godt, fleksibelt og engasjert fag- og arbeidsmiljø.
Du kan få høve til å delta på kurs og fagdagar.
I tillegg har kommunen eigen lokal lønsstige som ligg over vanleg tariffavtale.
Andre opplysningar:
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Referansar vil bli kontakta etter avtale.
Politiattest av seinare dato må leverast ved tilsetting.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane gjerast offentleg.
Tiltreding: Ynskjeleg frå 01.09.26
Nærare informasjon om stillinga kan rettast til avdelingsleiar helse Evy Katrin Aamlid tlf: 35075530/ 41100975, evy.katrin.aamlid@tokke.kommune.no.
Velkomen som søkjar!
Kontaktinformasjon
Evy Katrin Aamlid, Avdelingsleiar, +47 41100975Arbeidsstad
Revahaugvegen 43880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Tokke kommuneReferansenr.: 5149948093
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 07.07.2026
Kontaktperson for stillingen
Evy Katrin Aamlid
Avdelingsleiar
+47 41100975
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
86fbc717-dfb8-4183-98d6-e4894b28a3f9
- Sist endret
24. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a2533a85c7da45568b2a120d791235e4