Kantinemedarbeidar
Vest-Telemark vidaregåande skule, Telemark Fylkeskommune
Storvegen 195, 3880 Dalen
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Kantinemedarbeidar
- Type ansettelse
- Fast, deltid 45%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk snarest mulig
45% fast stilling som kantinemedarbeider
Vi søkjer etter ein kantinemedarbeidar til fast 45% stilling. Stillinga fylgjer i hovudsak skuleåret. Dette inneber komprimert arbeidstid til 50% i skuleåret og fri i skulen sine feriar. I stillinga ligg og nedvask av kantine etter skuleslutt, og planlegging og varebestilling før oppstart etter skuleferiar.
Som kantinemedarbeidar ved Vest-Telemark vgs vil du dele ansvaret for drift av kantina med ein kollega som arbeider dagane du ikkje er på jobb. Det inneber at ein har aleineansvaret for drift av kantina to og tre dagar annankvar veke. Ein har då ansvar for menyplanlegging, produksjon og sal av mat og drikke, sikre at alt er gjort i tråd med gjeldande regelverk og rutinar, innkjøp m.m. Kantina fyller og ein viktig funksjon som arena for arbeidslivstrening for elevar på AHT.
Vi er på utkikk etter deg som ynskjer å levere god service, oppretthalde og vidareutvikle kantina som ein framifrå sosial arena for elevane ved skulen. Du må ha gode samarbeidsevner, og trivast med å arbeide med ungdom.
Stillinga er i avdeling for administrasjon og drift saman med reinhald, byggdrift og kontor. Om ein i tillegg har erfaring frå reinhald kan det og vere aktuelt med sporadiske oppdrag som vikar der.
Arbeidsoppgaver
- Dagleg drift av kantina- Innkjøp og menyplanlegging i samarbeid med kantinedrivar
- Produksjon og sal av mat og drikke
- Yte god service og bidra til å gjere kantina til ein framifrå sosial arena for elevane ved skulen
- Samarbeide med avdelinga for tilpassa opplæring, etablere tydelege rammer og samarbeide godt med elevar som har arbeidslivstrening i kantina
- Avstemming av kasse etter gjeldande reglar
- Halde reint i kantineområdet i samarbeid med reinhaldarane ved skulen
- Bidra ved arrangement på skulen
Kvalifikasjoner
Det er krav om erfaring frå produksjon og sal av mat i kantine, kafé, storkjøkken eller liknande.
Det er krav om erfraring frå arbeid med ungdom.
Det er krav om politiattest for tilsetjing i skule.
Det er eit krav å beherske norsk som arbeidsspråk
Personlige egenskaper
- Evne til å arbeide sjølvstendig og ta initiativ
- Samvittighetsfull med god gjennomføringsevne
- Serviceinnstilt og positiv innstilling til ungdom
Det blir vurdert og lagt vekt på om ein er personleg egna.
Vi tilbyr
I denne stillinga har du rett på ei av dei sikraste pensjonsordningane i Noreg: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentlig tenestepensjon ei utbetaling som varer livet ut frå den dagen du sluttar å arbeide. Pensjonen har inkludert uføre- og etterlattepensjon. Med pensjonsrett i KLP får du medlemspris på ei rekke bank, forsikring og spareprodukt. Du finn meir informasjon på heimesida til KLP (klp.no)
Kontaktinformasjon
Talleiv Metveit, Avdelingsleder administrasjon, 95707272Arbeidssted
Storvegen 1953880 Dalen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Telemark FylkeskommuneReferansenr.: 5139980682
Stillingsprosent: 45%
Fast
Startdato: 01.08.2026
Søknadsfrist: 28.06.2026
Kontaktperson for stillingen
Talleiv Metveit
Avdelingsleder administrasjon
95707272
Om bedriften
Vest-Telemark vidaregåande skule ligg på Dalen i Tokke kommune og hentar elevar frå heile Vest-Telemark. Regionen byr på ei rik kulturhistorie, har eit innhaldsrikt kulturliv og storslått natur med rike tilhøve for friluftsaktivitetar.
Skulen har nært samarbeid med lokalt næringsliv og offentlege arbeidsplassar.
Elevar på Vest-Telemark vidaregåande skule kan velje mellom utdanningar innan Studiespesialisering, Helse- og oppvekst, Teknologi og industrifag, Elektro, og tilrettelagt opplæring. Skulen tilbyr også påbygg for studiekompetanse, kombinasjonsklasse for ungdomar som treng grunnskuleopplæring før vidaregåande, og har også eit tilbod om vekslingsmodell der elevar kan kombinere læretid og skule. Vidare er det høve til å bli sertifisert for Skuter klasse S ved skulen.
Sektor
Ikke oppgitt
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
7db5e41a-073e-448a-8c07-cd6a7046c99b
- Sist endret
16. juni 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9ca2fe4dc7b64df59715737d3c0031b0