Hopp til innhold

Fagarbeider - 100% fast

Arbeidsgiver

Heimesjukepleie, Tokke kommune

Sted

Revahaugvegen 6, 3880 Dalen

Om jobben

Stillingstittel
Fagarbeider - 100% fast
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest torsdag 18. juni

Er du vår nye kollega?

Vi har behov for fleire dyktige og engasjerte helsefagarbeidarar i heimetenesta, og søkjer etter deg som ynskjer ein variert og meiningsfull arbeidskvardag.
Som helsefagarbeidar i heimetenesta vil du arbeide både i heimesjukepleia og på omsorgsenteret. Du vil vere ein viktig del av tenesta og bidra til at innbyggjarane får trygge, heilskaplege og kvalitetsgode helse- og omsorgstenester.
Heimetenesta består av heimesjukepleie, omsorgsenter, dagavdeling, heimehjelp og heimevaktmeister. Vi har fokus på fagleg utvikling og å skape gode tenester i møte med brukarane

Vi nyttar årsturnus med vanlege vakter eller langvakter. Ved langvakter jobbar ein kvar 4 helg.


Arbeidsoppgåver

  • Utøve grunnleggande pleie og omsorg tilpassa den enkelte sitt behov
  • Utføre kliniske vurderingar og fortløpande vurdere pasientens heilskaplege tilstand
  • Medikamentutdeling
  • Delta i matservering å legge til rette for gode måltid
  • Vere primærkontakt
  • Dokumentasjon i Profil

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev som helsefagarbeidar
  • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Er ein positiv kollega som bidreg til eit godt arbeidsmiljø
  • Samarbeids- og kommunikasjonsevner som skapar trygge og gode relasjonar med brukarar, pårørande og kollegaer
  • Omsorgsfull
  • Fleksibel, strukturert og nøyaktig
  • Er ein stabil arbeidstakar
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

 

Vi tilbyr

  • Årsturnus
  • Konkurransedyktig løn med lokal lønsstige
  • Godt arbeidsmiljø med varierte og fagleg utfordrande arbeidsoppgåver
  • God pensjonsordning i KLP

 

Dersom du får tilbod om stillinga, må du legge fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
-Løns- og arbeidsvillkår i samsvar med lovar, regelverk, avtaler og kommunale vedtak.
Aktuelle søkarar blir fortløpande kontakta.
Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje uansett alder, kjønn, nedsett funksjonsevne og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det. 

Kontaktinformasjon

Silje Andrea Kyrkjebø, Avdelingsleiar, +47 47399988

Arbeidsstad

Revahaugvegen 6
3880 Dalen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Tokke kommune

Referansenr.: 5140676559
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 18.06.2026

Kontaktperson for stillingen

Silje Andrea Kyrkjebø

Avdelingsleiar

+47 47399988

Om bedriften

Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

d18ee0c9-5207-4c87-b159-fb68ecfdea1f

Sist endret

5. juni 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

f593a535611a4b568ffb6ac145ba278e

Lignende annonser

Laster lignende annonser