Hopp til innhold

Fagsjukepleier ved Dagkirurgen i Augeavdelinga 

Arbeidsgiver

Augeavdelinga, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Fagsjukepleier
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Dagkirurgisk eining, DKE Auge er ein del av Auge operasjonseining ved Haukeland universitetssjukehus. Eininga har om lag 15 tilsette og operasjonsavdelinga som har 14 operasjonssjukepleiarar. Vi utfører kataraktkirurgi og fleire andre augeoperasjonar i eit fagmiljø med høg kompetanse og godt samarbeid.

Vi søker ein fagsjukepleiar til 100% fast stilling der inntil 50% kan avsettast til fagutvikling, opplæring og kvalitetsarbeid. Dette er ikkje ei fast administrativ 50% stilling, men ei driftsteneste der fagoppgåver blir prioritert når drifta tillet det. Stillinga rapporterer til seksjonsleiar. Fagsjukepleiar får ei sentral rolle i å støtte nytilsette, halde prosedyrar oppdaterte og sikre at kompetanse og utstyr er på plass for planlagd aktivitet.

Dette er ei stilling for deg som ønskjer å utvikle faget vidare og som trivst i tett samarbeid med kollegaer på tvers av faggrupper.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til fagutvikling, opplæring og kvalitet i DKE Auge
  • Delta i klinisk arbeid ved behov
  • Halda fagprosedyrar i EK oppdatert
  • Sikre at innhald i Kompetanseportalen er oppdatert
  • Planleggje og koordinere opplæring av nytilsette
  • Bidra i undervisning og rettleiing av personale og studentar
  • Følge opp fagutviklingsplanar og bidra til innføring av nye arbeidsmetodar
  • Utarbeide og følgje opp intern undervisningsplan
  • Koordinere opplæring og vedlikehald av medisinsk utstyr i samarbeid med MTA og leiinga
  • Sikre at nødvendig utstyr er tilgjengeleg for planlagd aktivitet
  • Delta i vurdering og innkjøp av utstyr
  • Delta i tverrfaglege prosjekt i Augeavdelinga og Helse Bergen
  • Andre oppgåver kan bli delegert av seksjonsleiar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning som operasjonssjukepleiar eller augesjukepleiar
  • Erfaring frå augeavdeling er ønskeleg, men ikkje eit krav
  • Minimum fire års relevant erfaring blir tilrådd
  • Erfaring med undervisning eller rettleiing er ein fordel
  • God formidlingsevne og gode samarbeidsevner
  • Grunnleggande systemkunnskap og digital kompetanse
  • Personleg dugleik blir vektlagt

Personlege eigenskapar

  • Løysingsorientert og trygg i samarbeid med andre
  • Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
  • Evne til å arbeide strukturert og sjølvstendig
  • God kommunikasjonsevne
  • Bidrar til eit godt arbeidsmiljø og møter kollegaer og pasientar med godt humør
  • Nysgjerrig og motivert for fagleg utvikling

Vi tilbyr

  • Eit fagleg sterkt og engasjert miljø i Auge operasjonsenhet
  • Varierte oppgåver innan fagutvikling, opplæring og klinisk arbeid
  • Moglegheiter for fagleg utvikling og relevante kurs
  • Tett samarbeid med erfarne kollegaer på tvers av faggrupper
  • Ein arbeidsplass som vektlegg inkludering, godt arbeidsmiljø og positiv samhandling

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linda Rio-Standal, Seksjonsleiar, 48608897, linda.rio-standal@helse-bergen.no
Sindre Skeistrand Anestad, Assisterende seksjonsleiar, 55974161, sindre.skeistrand.arnestad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5053090010
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.01.2026

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ed203bcd-0b0c-454a-a29c-d2fe4cbdb3bf

Sist endret

16. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

305f7c223a514bd586d71c4a4d30ac3f

Lignende annonser

Laster lignende annonser