Operasjonssjukepleiar
Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Operasjonssykepleier
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Arbeidsspråk
- Norsk
- Antall stillinger
- 4
- Arbeidssted
- Hjemmekontor ikke mulig
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 31. mars
Haukeland universitetssykehus har sett seg eit ambisiøst mål om å unngå å stryke planlagde operasjonar. For å lukkast søker vi kompetente operasjonsjukepleiarar for å avhjelpe ved operasjonar der ein har fått upårekna fråvære.
Vi søker operasjonsjukepleiarar som er trygg i kompetansen sin og som kan gli inn i arbeidslag som arbeider ut i frå allereie godt etablerte prosedyrar. Det er dei planlagde inngrepa vi ønsker å sikre at skal går som forutsett. God opplæring tilbys.
Det første året vil stillingane ha dagarbeidstid. Framtidig endring og omorganisering i sjukehuset kan føre til endring av arbeidstid til turnus og helgearbeid. Stillingane er faste 100% stillingar. Organisatorisk høyrar du til under Dagkirurgisk seksjon, men dagleg arbeid vil variere på ulike seksjonar i KSK.
Kirurgisk serviceklinikk (KSK) er den største somatiske klinikken i føretaket med om lag 1200 tilsette. KSK har ansvar for store delar av tilbodet innan operasjon, anestesi, intensivbehandling og akuttmedisin på Haukeland universitetssjukehus, og våre tilsette har kunnskap og kompetanse innan fleire ulike fagfelt.
KK/Auge, Thorax, Dagkirurgisk, OT, Kirurgisk og HH er seksjonane som vi søker å tilsette operasjonssjukepleiar på. Vi søker etter operasjonssjukepleiar som kan jobbe på fleire seksjonar, med base på dagkirurgisk seksjon.
Stillingane er faste 100% og ein blir tilsett i dagstilling.
Arbeidsoppgåver
- Ansvaret for å planlegge og gjennomføring av oppgåver knytt til operasjonspasienten
- Delta i daglege driftsoppgåver
- Stillinga inneber ein spennande og varirt kvardag der pasientbehandling står i fokus
- Undervise studentar i spesialisering og nytilsette
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Vidareutdanning innan operasjonssjukepleie
- Erfaring frå arbeid på tvers av einingar
- Gode datakunnskapar
- Må meistre norsk skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
- Kommuniserer og samarbeider godt i eit tverrfagleg miljø
- Arbeider strukturert og målretta
- Serviceinnstilt og bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Fleksibel og løysingsorientert
Vi tilbyr
- Dyktige medarbeidarar
- Godt arbeidsmiljø
- Store faglege utfordringar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
95ab1155-1da2-4f14-b9bd-2d03398ac7b2
- Sist endret
11. mars 2026
- Hentet fra
FINN
- Referanse
454568307