Hopp til innhold

Assisterande seksjonsleiar DKE

Arbeidsgiver

Augeavdelinga/ Auge operasjonseining, Helse Bergen HF

Sted

Jonas Lies vei 72, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar DKE
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest mandag 16. mars

Dagkirurgisk eining DKE er ein del av Operasjonseininga og er lokalisert i 1. etasje. Seksjonen har om lag 12 tilsette og utfører planlagde dagkirurgiske inngrep under lokal anestesi, mellom anna kataraktkirurgi og okuloplastiske operasjonar. Verksemda er prega av høg aktivitet, tett samhandling og krav til effektiv og trygg pasientflyt.

Det er eit nært samarbeid mellom Dagkirurgisk eining og poliklinikken ved Augeavdelinga. Nokre tilsette arbeider enkelte dagar i poliklinikken, og ved behov bidrar medarbeidarar frå poliklinikken i drifta ved DKE.

Vi lyser no ut ei stilling som assisterande seksjonsleiar ved Dagkirurgisk eining. Assisterande seksjonsleiar rapporterer til seksjonsleiar og er seksjonsleiar sin stedfortredar ved fråvær. Stillinga er ei driftsstøttefunksjon utan personalansvar og har som mål å bidra til god koordinering, kontinuitet og kvalitet i den daglege drifta. Rolla inneber tett samarbeid med seksjonsleiar, fagsjukepleiar og øvrige medarbeidarar i eininga, og kombinerer administrative oppgåver med deltaking i det daglege operative arbeidet ved behov.


Arbeidsoppgåver

  • Bidra til dagleg driftskoordinering og god flyt i verksemda
  • Støtte seksjonsleiar i vurdering av bemanning og drift opp mot planlagt aktivitet
  • Delta i planlegging og oppfølging av arbeidsplanar og turnus
  • Utføre administrative oppgåver etter delegasjon frå seksjonsleiar
  • Bidra i opplæring, oppfølging og evaluering av nytilsette
  • Samarbeide med fagsjukepleiar om fagutvikling, undervisning og kompetanseheving
  • Følgje opp prosedyrar, avvik, internkontroll og forbetringsarbeid
  • Bidra i HMS arbeid inkludert vernerundar og brannvern
  • Samarbeide med medisinsk teknisk avdeling og fagsjukepleiar om utstyr, service og opplæring
  • Delta i det daglege operative arbeidet ved behov

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Vidareutdanning i operasjonssjukepleie eller augesjukepleie er ein fordel
  • Erfaring frå operasjonsavdeling, særleg dagkirurgisk verksemd, er ein fordel
  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar er eit krav. Manglande vidareutdanning er ikkje til hinder for å søke stillinga dersom du har relevant erfaring og interesse for drift og koordinering
  • Gode samarbeidsevner og god munnleg og skriftleg kommunikasjon
  • Grunnleggande ferdigheiter i relevante administrative system
  • Interesse for leiing og drift erfaring frå koordinerande eller fagleg rolle er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Du er strukturert og har god gjennomføringsevne
  • Du arbeider sjølvstendig, men trivst òg med samarbeid i team
  • Du har gode kommunikasjonsevner og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du er fleksibel og handterer endringar i ein variert arbeidskvardag
  • Du har evne til å sjå heilskap, prioritere og bidra til løysingar i drift
  • Du har interesse for leiing, kvalitet og forbetringsarbeid
  • Personleg eignaheit vil bli vektlagd

Vi tilbyr

  • Ei spennande og variert rolle i ei velfungerande dagkirurgisk eining
  • Tett samarbeid med seksjonsleiar og moglegheit for fagleg og personleg utvikling
  • Innsyn i og erfaring med drift, koordinering og leiingsoppgåver
  • Eit godt arbeidsmiljø prega av samarbeid, kompetanse og engasjement
  • Arbeid i ei eining med høg fagleg kvalitet og pasientfokus
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar
  • Ønskt oppstart 01.09.2026 eller etter avtale.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Linda Rio-Standal, Seksjonsleiar, 48608897
Sindre Skeistrand Arnestad, Ass. seksjonsleiar, 47686961

Arbeidsstad

Jonas Lies vei 72
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5069391017
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Sindre Skeistrand Arnestad

Ass. seksjonsleiar

47686961

Linda Rio-Standal

Seksjonsleiar

48608897

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

5b0ea83c-9440-43f7-8231-70fd394791d9

Sist endret

10. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

ac1fcdac742d4a92b7fd6c97db8172bc

Lignende annonser

Assisterande seksjonsleiar – Hovud-Hals seksjonen (Operasjonsavdelinga)

Arbeidsgiver

Kirurgisk serviceklinikk/ KSK hovud-hals, Helse Bergen HF

Sted

Bergen