Hopp til innhold

Assisterende seksjonsleiar

Arbeidsgiver

Øyane DPS/ Øyane allmennpsykiatrisk døgn, Helse Bergen HF

Sted

Blombakkane 75, 5354 Straume

Om jobben

Stillingstittel
Assisterende seksjonsleder
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Liker du å bygge lag? Skape struktur og rammer som bidrar til god pasientbehandling? Ønsker du å bidra til eit utviklande, inkluderande og meistringsorientert arbeidsmiljø der det er rom for å seie ifrå og komme med forbetringsforslag? 

Vi har ledig 100% stilling som assisterande seksjonsleiar på allmenn døgnbehandling, Øyane DPS. 

Vi har nyleg omorganisert leiarstrukturen for døgnseksjonane på Øyane DPS med ein felles seksjonsleiar og to assisterande seksjonsleiarar. I samband med dette lyser vi no ut ein stilling som assisterande seksjonsleiar på allmenn døgnbehandling. Som assisterande seksjonsleiar blir du ein viktig støtte for seksjonsleiar og ein nøkkelperson i den daglege drifta av seksjonen. Du vil få ei sentral rolle i å sikre god drift, utvikling og kvalitet i pasientbehandlinga. Du vil også vere del av eit leiarteam som samarbeider tett for å sikre god pasientbehandling, ivaretaking av tilsette og hensiktsmessig bruk av kapasitet på tvers av døgnseksjonane. Du vil få ei sentral rolle i eit travelt og meningsfullt miljø og bidra inn i pasientbehandlinga ved behov.  

Seksjon allmennpsykiatrisk døgnbehandling er ein open døgnseksjon som tilbyr korttidsbehandling. Seksjonen er eit ledd i akuttforløpet og i behandlingskjeda for menneske med ulike psykiske lidingar og kan ha eit høgt aktivitetsnivå. Personalgruppa er tverrfagleg og består av psykiater, psykolog, LIS-lege, sjukepleiarar, vernepleiarar, sosionom, helsefagarbeidar, miljøterapeutar og assistentar. Vi har fokus på tverrfagleg samarbeid internt og eksternt for å skape gode rammer for pasienten og bidra til å auke meistring og livskvalitet. I behandling har vi fokus på psykologisk behandling, miljøterapi og medikamentelle tiltak. Ernæring og fysisk aktivitet er også vesentlege element i behandlinga. 

Øyane DPS er eit av tre DPS ved Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Klinikken flytta inn i nye lokale i 2011 og er lokalisert i naturskjønne  omgivnader på Straume i Øygarden kommune, om lag 15 min køyring fra Bergen sentrum. Klinikken har sektoransvar for Askøy og Øygarden med om lag 51 000 innbyggjarar over 18 år. Kommunane er i rask vekst og vi har god kontakt med primærhelsetenesta og fleire samhandlingsprosjekt som er under arbeid. 

Øyane DPS består av: 
*  Allmennpsykiatrisk poliklinikk med eige akutteam og MBT team 
*  Allmenn døgnseksjon med 8 senger 
*  Psykose døgnseksjon med 8 senger 
*  Psykosepoliklinikken/FACT tilbyr behandling til menneske med psykoseliding eller mistanke om psykose. 


Arbeidsoppgåver

  • Som assisterande seksjonsleiar vil du få ei sentral rolle i å sikre god drift, utvikling og kvalitet i seksjonen
  • I samarbeid med seksjonsleiar utøve administrative, økonomiske og faglege oppgåver for dagleg drift av seksjonen 
  • Gje leiarstøtte til seksjonsleiar 
  • Bistå seksjonsleiar med dagleg drift av seksjonen, herunder planlegge og styre bemanninga, og sikre god ressursutnytting 
  • Delta aktivt i HMS-arbeidet 
  • Følge opp medarbeidarar i den daglege drifta 
  • Gi nytilsette og studentar ein trygg og god oppstart saman med seksjonsleiar 
  • Bidra til fagleg utvikling i seksjonen 
  • Bidra til forbetringsarbeid 
  • Assisterande seksjonsleiar må pårekne å jobbe i miljøet som sjukepleiar/vernepleiar ved behov 
  • Utføre andre oppåver som blir delegert av seksjonsleiar 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar 
  • Ønskeleg med vidareutdanning innan psykisk helse 
  • Relevant erfaring frå psykisk helsevern, korttidsbehandling og/eller akuttpsykiatri 
  • Erfaring med bemanning/turnusplanlegging og praktisk inndekking 
  • Grunnleggande IKT-kompetanse, gjerne erfaring med GAT og avvikssystem 
  • Må meistre norsk munnleg og skriftleg særs godt 

Personlege eigenskapar

  • Pasientorientert og har respekt for kvar enkelt pasient 
  • Du er god på relasjonsbygging og å sjå menneske 
  • Gode kommunikasjonsevner. Kommuniserer tydeleg og inkluderande, og bidrar til eit opent og støttande arbeidsmiljø 
  • Strukturert, løysingsorientert og god på avgjerder, også når tempoet er høgt 
  • Du klarer å halde deg roleg, objektiv og kontrollert i stressande situasjonar 
  • Trivst med å vere tett på drift og medarbeidarar 
  • Deler kunnskap og erfaringar, og støtter andre for å nå felles mål 
  • Ansvarsbevisst og påliteleg 
  • Trivst i å arbeide i eit tverrfagleg miljø 
  • Det blir lagt vekt på personlege eigenskapar 

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Eit positivt og godt kollegialt miljø
  • IA -bedrift

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Benedicte Skagen, Seksjonsleiar, 56326669

Arbeidsstad

Blombakkane 75
5354 Straume

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5077110649
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Benedicte Skagen

Seksjonsleiar

56326669

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

36c32394-24b8-4e1b-a2b8-2e95b38034a1

Sist endret

25. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

421b07cc59cd414f9a6af1bcd25d8aa2

Lignende annonser

Sjukepleiar/ Vernepleiar, 60% natt

Arbeidsgiver

Øyane Øyane distriktspsykiatriske senter/ allmennpsykiatrisk døgnbehandling, Helse Bergen HF

Sted

Straume

Arbeidsgiver

Bjørgvin DPS/ psykose døgn, Helse Bergen HF

Sted

Tertnes